torsdag 19. juni 2014

Te plis, igjen!

Eg har skrive om "Te plis" tidlegare, det er gode minner frå barndommen!

Sist helg var eg invitert i "Afternoon tea-selskap". Eg kjente meg skikkeleg beæra over å bli invitert, det var eksklusivt selskap og flink vertinne! Og eg er ikkje mindre beæra etter å ha vore i selskapet! Afternoon tea er ikkje noko tulleselskap, det finns reglar for etikette, og det er vel bortimot reglar for servering og oppførsel? Eg er nok ikkje heilt stø i slikt, tross min bakgrunn som teplis-utøvar… Heldigvis fekk vi opplæring i "røring med teskei i tekopp", kvar servietten skal ligge, korleis ein skal drikke te og korleis forsyne seg med sukker. All opplæring gjort med eit smil! (Skulle du trenge oppfrisking av etiketten, kan du lese her afternoon tea etiquette )

Vi fekk servert finaste te i nydeleg teservise. Og vi prøvde etter beste emne å ikkje slurpe, men nippe danna av koppen!



Til å ete fekk vi sandwicher, med eggesalat, ost, kylling og sandwichen over alle afternoon tea-sandwicher: agurk- og kremostsandwich! Om vi åt? Gjett!



Vi fekk også scones med lemon curd, clotted cream og jordbærsyltetøy! Og det var naturlegvis engelsk konfekt! Vi hadde det som prinsesser.



Etterpå gjekk vi ut i sola og åt eplekake og is. Kjensla av luksus og ferie seig inn over kroppen!


Og heilt til slutt satt vi ute i solnedgangen og åt reker…



Det var eit fantastisk selskap og ei flott helg, vel verdt turen til austlandet og sola! Men det beste var å bruke tid med fine damer, ha tid til latter og alvor, god tid til prat om både alvor og glede!

(Undertegna til venstre)

(Eg forresten låne seng med rosa himmel og krone, så eg var ei skikkeleg prinsesse denne helga)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar