mandag 9. juni 2014

Lausriving

Eg har tenåringssoner.

Det har naturlegvis tatt nokre år å kome hit, men eg syns det er rart å vere her. Det er ikkje så lenge sidan beleiskift, nattevåk og lego over heile stovegolvet. Det er ikkje så lenge sidan dei ville vere saman med meg heile tida, vi foreldre var kloke og morsomme,  dei trong meg til det meste, og eg viste kvar dei var! La seg om kvelden gjorde dei og… (og vakna tidleg om morgonen) Dei trong meg for mat, kos, pass, klær. Det var mykje "maaammmmaa!(og "paaappa")

I det siste har eg merka at noko skjer. Det er lausriving på gang. (og ja, eg veit det er normalt og sunt og eg kan minnast at eg har sagt at eg gler meg til denne tida og, ikkje ha små barn lenger) Der det før var "kan æ få gå til en kompis?", har det ei stund vore "æ går te en kompis". Men no er det meir at dei berre er borte, planer blir lagt heilt utan at eg veit noko om det. Eller plutseleg står det nokon på døra, seint på kveld, for eit lite besøk. Det er -o skrekk- fleire med "lappen" så det er bilkjøring også. Det er lyse netter og varme dagar, det er telttur og grilling og tur på kafe. Det er akutte behov for pengar og reine klær. Det er tomt for brød og juice og middagsrestar. Det er bandøving, trening, og sykkeltur i skog og hei, samtidig som det i mitt hode skulle vere fellesmiddag. Men innimellom er det familiekos, øvingskjøring, lekser og eksamen, ting der eg er med og er nødvendig. Dei slår plena og tømmer oppvaskmaskina utan å bli spurt, dei fiksar sykkelen min og løfter tunge ting på plass. Dei kan diskuterer og kome med kloke innspel, før det plutseleg kjem ein dårleg vits og eg må skratte og kjem ut av det!

"Det har du sagt før!"
Og skulle det skje noko så rart som dobbelbooking med noko eg har planlagt, er det mi skuld at ikkje alle veit det. (det hender vel at mor tenkjer at "det har eg sagt, flerie gonger") Eg prøvar å halde på at under mitt tak, er det faktisk foreldra som bestemmer, det er ikkje berre å komme og gå som ein vil. Og stort sett vi løser det greit, vi legg planer, vi avtaler reglar("vekk meg når du kjem heim" Mannen har naturlegvis rett når han seier det er manglar ved den regelen der, kva om dei ikkje kjem heim?) Eg har ikkje mobilen på lydlaust om natta lenger, iallfall ikkje når ikkje alle er i hus. Eg likar å få eit livsteikn når dei reiser bort, slik at eg veit at dei er der dei skal. Eg tilbyr meg å kjøre og hente, eg vil vite kvar dei skal og kven dei skal treffe.

Eksempel på mat laga av junior
Oftast går det heilt bra! Når eg minner om prøver, laurdagsjobb og slikt, viser det seg at det meste er under kontroll, og eg får beskjedom å slutte å mase. Nokre få glippar er slikt som kan skje den beste. Men det er rart for mor. Har eg lært dei alt dei treng? Kan dei vaske klær, styre økonomi og lage mat? Har dei kompetanse til å klare seg utan meg?! Det er jo der det ligg, vil dei klare seg utan mor?! (og vil mor klare seg?)Eg kan ikkje huske at mine foreldre tok det så tungt når eg var på veg ut av reiret, og alle andre eg kjenner med ungar som flyttar, verkar og veldig rolege. Er det berre meg?

Eksepel på kva ein kan finne på brødfjøla

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar