tirsdag 20. oktober 2015

tyttebærmimring

Då eg gjekk tur på laurdag, hadde eg naturlegvis pose i lomma. Ikkje hundepose, eg har ikkje hund. Men pose for å plukke bær i, om eg fann. Første delen av turen, som eg gjekk med tante May, hadde ikkje bærplukketempo. Det var "trim og prat", som er ein utmerka kombinasjon. Men etterpå, då eg venta på å bli henta, måtte eg ut i skogkanten og sjå om eg fann tyttebær. Og eg fann:) Store, raude, modne tyttebær vart plukka i posen, og dei får blåbæra som var der, gjekk rett i munnen!
Eg huskar at mamma alltid prioriterte tyttebærplukking på hausten då eg var lita. Eg forsto lite av det! Gå frivillig i skogen og plukke bær!? Og så små som tyttebær er, det tok kjempelenge før det monna noko i bøtta. I tillegg smakte den altfor skarpt for ein liten baremunn. Eg huskar eg og søskenbarnet mitt var med mamma og tante og plukka tyttebær ein gong, og vi to(kanskje 6 år gamle) fann ut at vi ville plukke både blåbær og tyttebær i samme bøtte. Det var ein skuffelse etterpå, for det vart jo ikkje noko godt å ete... Så på tyttebærtur masa eg aldri om å få bli med. Men no, som vaksen, forstår eg gleda i å plukke bær, og ikkje minst få gå ute i skogen, gjerne åleine, med luktene, fargene, lydane, samtidig som eg plukkar bær som kan bli til godt syltetøy! For ikkje å snakke om å finne rørte tyttebær i frysaren og kunne ete dette på varmt, heimebaka brød! O, lukke og kvardagsluksus!

Då eg kom tilbake til mamma og pappa på laurdag, fekk mamma tyttebæra mi. Og ho forsto å sette pris på gåva! No er forresten ikkje tyttebær så surt lenger heller, ikkje når den er så moden som den eg plukka no, så vi smaka litt medan vi fann ut at vi skulle lage trollkrem!
Vi hadde 3 dl tyttebær og blanda med 1 eggekvite og 1 dl sukker, og så var det berre å piske til det blir stiv skum, luftig og rosa.

Medan mamma laga trollkrem og eg pizza, fortalde mamma om si tante, Karen Anna(som var uttala KarnAnna), som var veslesøster til bestefar. Ho var fødd i 1889, jobba som syerske og var ei dame med klare meiningar. Eg huskar henne godt, for ho levde til eg var 14 år, men ho budde på aldersheim så lenge eg huskar. Mamma brukte vere med henne på tyttebærplukking, for tante Karen Anna likte godt å plukke bær, men ikkje å gå åleine. På grunn av eksem på hendene brukte ho gummihanskar når ho plukka, som for meg virkar ganske tungvint og klumpete! Men dersom det måtte til, var det vel greit. Ho var redd for orm, så når dei gjekk i solvarme lier, brukte ho støvlar og smurte løk på støvlane for å skremme vekk ormen! Så dette med bærplukking sitt nok i genene mine.

Og tante Karen Anne er også opphavet til "matlei"-pålegget over alle hos oss: Brødskive med eit tynt lag smør, så bananskiver og ripsgele på toppen. Dette laga mamma til meg då eg var lita, og eg har laga det til mine ungar. Tante KarnAnna brukte loff, og hadde ei tynn skive eple under bananskivene, men den detaljen har vorte borte hos oss. Dette er ein sikker vinnar på matlei-dagar! KarnAnna brukte servere dette når ho hadde misjonsfrening, og då var det sikkert skråskårne skiver og fine fat også.

Dårleg bilde, men eg hadde ikkje tid til meir, vi skulle ete!

Og trollkremen? Kjempegod! (og det vart nok til dessert både laurdag og søndag for mamma, pappa og meg)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar