fredag 18. desember 2015

Juletradisjonar

Eg reknar med du har dine juletradisjonar som er viktige for deg? Eg har iallfall enkelte som eg må ha med for at det skal bli jul(neida, det blir jul uansett, men dersom eg får dei små ekstra tinga, kjennes det ekstra godt!)

Før det er advent, må lammelåret saltast og hengast opp til tørk. Før ordna eg pinnekjøt også, men det har eg byrja kjøpe.

Eg likar å pynte huset til advent, som ei førebuing til jul. Henge opp stjerna, finne fram julekrybba og sette inn ein figur kvar dag i desember(tja, det hender det blir 3 enkelte dagar, for ungane er så store at dei ikkje minner meg på det lenger) Finne fram og fylle i adventskalenderen. Legge på lilla dukar. Ta fram bunken med julemusikk-cdar, og spele dei etter logikken "det minst julete først" og så det meir "sakrale" etterkvart. Etterkvart har også ungane funne ut at mors merkelegaste julemusikk ikkje er så verst! Iår har eg dessutan oppdaga at NRK Klassisk sender masse julemusikk i desember, så radioen på kjøkkenet står stadig på.

Lukta av sviblar er lukta av både advent og jul, og dei står både her og der rundt i huset.



Eg er glad i julekaker! Eg høyrer at mange seier dei ikkje er det, men eg er glad i kaker(og marsipan og sjokolade og nøtter!) Eg må ha berlinerkransar, eg vil gjerne ha brune pinnar og kransekakestenger. Iår vart det to sortar lefse også. Takk til Mari som foreslo fellesbaking. Det vart ein munter og mjølfyllt kveld med prøving og feiling og bratt lærekurve, men felles lefsebaking er no som ein fast tradisjon å rekne!


Tidleg på kvelden, litt frynsete i kantane...
Ferdig smurt! Nam!

Men eg treng ikkje pepparkaker! (for det hadde vi aldri heime då eg var lita, det er nesten som eit nymotens påfunn å rekne)

Det eg MÅ ha, og som kan lagast i god tid er frukt- og nøttekaka mi! Det er ein tradisjon eg og mannen har laga saman, og det er av dei viktige tradisjonane!

Eg har aldri sett "Reisen til julestjernen" og eg syns "Tre nøtter til Askepott" er kjedeleg.

Men "Love actually" er ein juleklassikar eg gjerne ser, om eg finn den på ein eller annan kanal. At "Sølvguttene" syng jula inn, er derimot tradisjon, iallfall i bakgrunnen. Å gå i kyrkja julaften er eg ikkje vant med, men høgtidsgudsteneste 1.juledag kan vere fint.

Eg brukar lage rull og sylte, og idag luktar heile huset "jul", sidan eg har kokt sylta og lagt i press. I fjor oppdaga eg dessutan at det er veldig enkelt å lage tomatsilg og sursild, så det er ein tradisjon eg tek med vidare. Årets tomatsild er allereie grundig prøvesmakt...og det blir nokre glass til gåver, og så må eg kanskje lage ein runde til før jula, for den vart veldig god!

Eg syns det er artig om vi får laga eit julebrev, men det ser dårleg ut iår. Familiefoto er også fint, men det utgår nesten kvart år. Nek til fuglane og krans på døra rekk eg sjeldan ordne.

Eg likar å ha heimebakt brød i jula, og no er frysaren full. Berre vi ikkje et det opp før jul... Havrekjeksen er iallfall så godt gøymt at eg må huske å leite den fram att til jula, så den blir ikkje borte.



Og når eg les over dette, ser eg at eg nok har ein masse tradisjonar eg likar å ta med frå år til år! Det gir gjenkjenning, mimring og gode minner. Eg kosar meg, stort sett, med førebuingane, det er noko med å gjere det samme på nytt. Ringe mamma for råd, spørje familien kva kaker vi skal ha, planlegge dessertar, finne fram julepynten +++

Men når treet er ferdig pynta lillejulaften, er vi stort sett alltid fornøgde, både med førebuingar, treet og vaskinga. Då er vi mest klare for å sette oss ned, saman og nyte julefreden.

"Same procedure as last year" er vel det som kjenneteiknar mange av oss i juletider :)
(Men det vart jul det året mannen leverte doktorgradsavhandlinga 21.desember og eg hadde betennelse i begge skuldrene. Det vart berre på ein annan måte)

2 kommentarer:

  1. Jeg har også tradisjoner, og nå skal jeg lage nye, kanskje jeg skal gå tilbake til julegudstjenesten også?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det syns jeg du skal, om du vil! Jeg syns tradisjoner skal være fleksible og tipasset livet. Slik det er her og nå, ikke tradisjoner for tradisjonens skyld. Når livet endrer seg kan manlage noe nytt, da blir kanskje endringen lettere?

      Slett