Min indre hamster utkonkurrerte mi indre prinsesse idag!
På butikken var det tyttebær til salgs, og den måtte bli med heim! (Allerhelst skulle eg plukka sjølv, men kanskje er ikkje bæra moden enno? Eg har ikkje vore i skogen og sett. Men husmora inneser at eg ikkje rekk alt, og det er iallfall betre å lage syltetøy av kjøpt bær enn ikkje noko syltetøy) Vel heime kom eg på at min indre hamster var på tyttebærtur i fjor, eller kanskje for to år sidan og den bæra låg pent og pynteleg i ei soddspann i frysaren. Reinska og ordna, til husmora ein dag skulle få ånda over seg og sylte. Den dagen var altså idag.
Masse raude bær, massevis av farge og smak samla på eit brett!
Ikkje verdas beste bilete, men vispen går i den nye miksaren min og rører bæra til syltetøy. Det vart mange boksar som no er vel merka og på plass i frysaren.
Har du smakt rørt tyttebærsyltetøy på grovbrød? Det er av det aller beste som finns...sukk! Eg er rett tilbake ved kjøkkenbordet heime, ein haustkveld etter at det er mørkt ute, ein dag mamma har vore på bærtur. Tytesylta er nyrørt, brødet er heimbaka og eg et skive etter skive...
Ah, nyrørt tyttebærsyltetøy på brødskive er bare helt mmmmmm! Her i huset har vi robba ripsbuskene både hjemme og hos svigers. Det ble til deeeilig ripssaft. Sur og søt på èn gang, og proppfull av sommer. Herlig å hente fram til julemiddagen. God helg til deg! :)
SvarSlett