mandag 12. august 2013

Vekestart veke 33

Det er ein prøvesmak på hausten akkurat no, det er haustregn ute. Det byrjar bli tidlegare mørkt om kveldane, eg kjenner stemningskifte i kroppen, det er godt  med litt kaldare kveldar, det er godt å sitte i sofaen og drikke te og prøvesmake kjeksen eg har bakt. Eg ser på lysa eg har hengt opp i ei busk, dei lyser fint om kvelden(ikkje berre klokka to om natta, når ingen kan gle seg over dei...)

Eg har vakse opp i "hjorteland", å telje hjort på kveldane er ein vanlig syssel. "Eg talte ...hjort igår kveld". Å kome så nær at ein ser dei i augene er for proffane. Dette diktet av Jon Fosse skildrar, iallfall for meg, kjensla av å møte dyra.

Det mørknar

eg står og ser på dei to hjortane
og dei to hjortane står og ser på meg
lenge står vi slik
eg står urørleg
hjortane står urørlege

ikkje noko kan høyrast
ikkje ein vind i lauvet

det mørknar

Jon Fosse


Ha ei strålande veke!


1 kommentar:

  1. Jeg liker høsten. Liker at livet snur tilbake til "normalen" Og elsker fargene som etter hvert kommer og at det nermer seg jul og i det hele tatt..

    SvarSlett