torsdag 28. juni 2018

Feriemodus?

Eg har ferie! Eller eg har fri i morgon, og ferien startar på måndag, men det kjem ut på det samme omtrent, eg skal ikkje på jobb på lenge.
Men har eg feriekjensla? Er eg i feriemodus?

Ikkje heilt enno. Før eg gjekk frå jobb idag, leverte eg timeliste for juni, la inn ferie i timeregistreingssystemet, la inn fråvær i kalenderen, som autosvar i mailen og sikkert andre stader. Eg sendte mailar, laga utskrifter, sendte påminning, ga munnlege beskjedar til dei som trong det. Eg skreiv huskeliste til eg kjem tilbake, rydda pulten  på kontoret. Gløymte å tømme papirsøpla og avtala med ein kollega at ho skal vatne fredslilja mi medan eg har ferie. Eg åt ein sjokoladebit for å feire at det var siste dag før ferien, medan eg såg på pøsregnet ute.

Så gjekk eg frå jobb.

Heime ser det akkurat likt ut som då eg gjekk idag tidleg. Ute regna det, skyene var svarte. Yttergangen er full av familiens mine sko, badet er nyvaska(gjort i går kveld) middagen måtte lagast, eg må pakke til avreise i morgon, og det er ein haug med ting som ligg her som skal pakkast til båtturen som kjem etterkvart.

Men det er ferie. I morgon startar ikkje vekkeklokka og vi hadde is til dessert!
No kan eg gire ned, senke skuldrene og skifte fokus til alt som står på lista over ting eg vil og skal dei neste vekene. Ting eg ikkje rekk og kan resten av året.

1 kommentar: