Eg skriv på eit innlegg om den eine foten min, men det er ikkje ferdig enno. Men det kjem! At sommaren plutseleg kom i helga, er også verdt nokre ord.
Dermed passar det godt å bruke dagens innlegg til å gratulere mannen min som har fødselsdag denne veka!! Eg har funne eit fint dikt som handlar om livet vi har saman:
Ekteskap er to om alt,
to om sukker, to om salt,
oppvaskbenk og lengt og håp,
fjernsyns-skjerm og kjøleskåp,
godlynt dryss og dumme tretter,
varme bein i kalde netter,
to om siger, to om tap -
først og fremst er ekteskap
ein å dela natt og dag med
og ein venn å le i lag med.
Ingvar Moe
Gratulerer!!!
Dumpa innom bloggen din og liker måten du skriver på. Gratulerer med mannen og ha finfine dager! :-)
SvarSlettTakk og så hyggeleg!
SvarSlett