onsdag 7. januar 2015

Det er jo ikkje flaut?!


Det er ikkje flaut å høyre dårleg, men det er tungvint!
Eg testar ut "Benforankret Høreapparat" (BAHA) akkurat no. Det står i informasjonen at det krev motivasjon å teste og bli vant til å bruke dette. Det kan eg skrive under på! I testperioden er høreapparatet festa på ei bøyle. For å få testeffekt, må den sitte tett inntil hovudet. Det betyr at det er stramt! Stramt kan vere ubehageleg.
Då eg fekk det utlevert tenkte eg at eg dette skulle gå greit, men det er litt meir slitsomt enn eg forventa… Og ting som er slitsomt, har eg lett for å finne ein grunn for å utsette. "I morgon, i morgon, men ikkje i dag…"
Fram til no har eg prøvd det mest heime. Men mykje av dagen er eg på jobb, og eg prøvar vere aktiv i prøvinga der no. Litt forfengeleg er eg jo også, så det er godt eg har spegl på kontoret, for det er litt dandering av bøyle, hår, og briller, slik at alt er der det skal og har den funksjonen det skal ha! Det hjelp ikkje å høyre betre, dersom eg ikkje ser, og motsett.
Meir enn 30 min i slengen er slitsomt! Difor blir det blir ein runde på laboratoriet, og ein runde i lunsjpausen kvar dag. Og no må eg finne eit møte, og sjå om fok kan snakke litt i munnen på kvarandre, så får eg testa der også.

Den er ikkje lett å sjå om du ikkje veit om den

Ikkje så lett å sjå, kanskje?!



Men tilbake til flaut. Eg syns bøylen tek all fokus, men så viser det seg at ingen andre ser den før eg snakkar om den…det er visst mest flaut for meg. Reknar med fleire enn eg har opplevd det, at det ein syns er flaut, er det nesten ingen som tenkjer på…
For å gjere det klart at bøyla er der, har eg vurdert å feste på "værhår" av piperensarar! Tenk så stilig i jula feks med hjerter? Eller med stjerner eller små figurar i toppen?











Kva er det med hørsel forresten? Når eg fortel at eg høyrer dårleg, ok, nesten ikkje på eine øyret, kjem det stadig fram at det gjeld mange! Men mange syns det er så tungvint å bruke hørepparat, så det blir ikkje. Eg trur det er lurt prøve litt til, kanskje be om å få prøve anna utstyr, for det er massevis å velge i.

Eg syns det er kjedeleg å høyre dårleg, og eg opplever stadig her heime (dei eg lever med er ikkje redde for å fortelje meg at det vart feil) at eg misforstår eller høyrer noko anna enn den som snakka til meg sa. Når eg oppdagar det, er det meir flaut enn å tilstå at eg høyrer dårleg… Sur og litt lei meg blir eg også. Eg reknar med at det stadig skjer utanfor heimen også, på butikken eller på jobb! Men der blir det ikkje oppdaga eller sagt frå om, fordi situasjonen fort går vidare. Ikkje orkar eg spørje om igjen alltid heller, så det finns sikkert ein del butikkansatte som har fått rare svar når eg gjettar på at dei spør om eg skal ha hjelp. Eg vil verkeleg høre betre, og skal fortsette å bruke bøylen så mykje eg klarer dei neste vekene! Og eg skal øve å setninga: "Kva sa du? Eg høyrte ikkje."

Er du nærgåande, derimot...
Om BAHA hjelper? Eg veit ikkje heilt enno, for det er litt nytt. Men når eg først har det på, er eg veldig gira på å kjenne etter. Kanskje det er difor det er litt slitsomt også? Full fokus på hørsel!! Igår syns eg at eg fekk med meg meir av samtalen i lunsjen, idag er eg litt usikker. Det er berre å teste vidare, altså.

6 kommentarer:

  1. Den ser jo mest ut som ein hårbøyle, jo. Og høyreapparat er ikkje så synlege no som dei var før. Min mann er plaga med tinitus og dårleg hørsel, har høyreapparat, men er ikkje flink til å bruka det.... Det må nok vennast til, som du seier... Og eg trur nok at når hørselen er i dårlegaste laget, så kjem me nok til å gje beskjed her heime ;)

    SvarSlett
  2. Så godt at du prøver. Til det beste for deg sjølv og dei rundt deg.

    ps: heldigvis er vi frie nok til å avgjere korleis vi vil ha det rundt oss ;-)

    SvarSlett
  3. Jeg syns ikke den var så synlig! -og hvis du hører bedre så veier det opp alt! Syns du var riktig søt jeg:) Tror ikke jeg hadde tenkt over den om du ikke hadde sakt noe. Hvordan syns du det virker? Merker du stor forskjell?
    'En kommentar til det forrige innlegget ditt; og om Oddgeir Bruaset; han er og`..jeg så også på programmet hans her om kvelden, og jeg syns "der ingen kunne bu.." er noe av det koseligste jeg kan sitte å se på. Mannen vil bo slik og jeg er ikke verre enn at jeg kan være enig,...bare barna klarer seg selv. Nå blir det jo en stund til med en 5åring i hus, men at vi kunne hatt en slik plass å tilbrakt deler av fristundene på hadde vært helt supert. Veldig strevsomt, men jeg tror også det er veldig givende, lærerikt og koselig!
    Lykke til med høringa, og ha en fin uke:)

    SvarSlett
  4. Så bra at du gjør noe med det!
    Jeg skjønner ikke hvorfor så mange ikke bruker høreapparat - jeg ville jo aldri valgt gå uten briller.
    Her i huset er mannen døv på det ene øret - noe som tidvis byr på utfordringer med tanke på birdplassering, samtaler i bil, våkne av skrikende unger og andre småting i hverdagen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det blir ein del misforståelsar…i bil, i samtalar med bakgrunnsstøy, lunsj på jobb +++ Det er komisk, men også sårt! Det er ein av grunnane til at eg vil gjere mykje for å finne ei god løysing! Men det krever jammen si kvinne!
      Og eg brukar også brillene mine, hadde ikkje klart meg lenge utan!

      Slett