tirsdag 6. januar 2015

Vekestart veke 2

I kveld skulle eg skrive eit bevinga innlegg om eit eller anna, med djupe tankar og kloke ord.
Hm, det blir visst ikkje slik… Eg har skifta på sengene, laga middag, kjørt ein junior, handla litt mat.  Sett på "Mannen som oppdaget Norge", om Oddgeir Bruaset, som er frå same bygd som mannen min. Ete kveldsmat, drukke te, snakka litt med tenåringane. Lese meir i "Svøm med den som drukner". Ein vanleg tirsdag, med litt av alt. Men ikkje mange tankar og funderingar over livet.

Ute er det iferd med å bli mildvær igjen, snøen blir blaut, det er spådd regn og det blir glattis…

Eg har vakse opp med ein far som kjørte brøytebil. Eg huskar ein julaften der det snødde i timevis, det bles ute og strømmen gjekk. Pappa var så vidt heimom(det eg huskar best, er vel at eg fekk lommelykt den jula, og det var supert at straumen gjekk) Pappa har fødselsdag i januar, det var ikkje alltid så enkelt å planlegge feiring, det kom an på været om jubilanten kunne vere heime. Eg huskar mamma som smurte store matpakker, med eit knekkebrød med brunost på toppen i matboksen av grått metall. Termosen vart fyllt med kaffe, slik at han skulle ha mat og drikke i brøytebilen. Han var innom og sov, gjerne rett på golvet framfor omnen. Vegane måtte haldast opne, om det snødde eller blåste(eller verst begge deler) og det måtte strøast når det var glatt. Det kunne umogeleg vere eit sunnt liv å vere brøytebilsjåfør.
Eg huskar kjensla av å stå bak gardina i stove og sjå innover vegen langs fjorden og sjå om eg såg blinklysa frå brøytebilen. Vente på at pappa kom heim og kanskje åt middag saman med oss. Det var stas å få vere med ein tur, men eg vart fort lei… Det er begrensa underhaldning i å sjå snø som blir kasta til sides! Eg var med den dagen det vart unntakstilstand i Polen i 1981, vi høyrte radio og eg veit akkurat kvar vi kjørte då dei fortalte det på radioen.

Eg er ikkje den første som klagar når det er dårleg brøyta, for eg veit at alle vegar ikkje kan brøytast samtidig. Eg tenkjer at det er nokon som ventar heime når eg høyrer plogen(det er ikkje plog lenger, men skjære)midt på natta. Men eg likar best vegar som er brøyta, som er lette å kjøre…


Og på ein slik dag, må det bli eit snøplogdikt!

SNØPLOGEN
Snøplogen er køyrt til sides, han står på meiane
og kviler ved vegen som er blitt bar.
Nokre barn leikar her, dei kliv opp og ned på
plogvengene.
Så byrjar det brått å snø voldsomt. No vert barna
ståande og sjå på snøplogen, og tek til å le, slår
hendene mot knea og ler av full hals.

Arvid Torgeir Lie

Her, i skiløypa, skal det ikkje vere brøyteplogar!
Men eg hadde ikkje bilde av ein plog...
(Men sjå der, det vart eit lite tilbakeblikk, mimring og barndomsminner, om ikkje djupe tankar)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar