I januar i fjor skreiv eg om heisen på jobb, om å møte seg sjølv i heisdøra. Om kvardagsaktivitet og å ta heisen. Har eg gjort noko med det eg skreiv om? JA!
Eg tek nesten aldri heisen, berre dersom eg bær tungt. Og trappene mellom 1. og 4. etasje blir gått mange gonger for dag, og dei er lettare å gå enn for eitt år sidan. Det handlar om vilje og det handlar om innstilling. Dei fleste på jobb går trappa, slik er det berre.
Kvardagsaktiviteten då? Den er mykje betre enn for eitt år sidan :) Eg greier ikkje 30 minutt kvar dag, men legg eg saman vekeaktiviteten klarer eg det! Eg har funne "ruter", som eg går og går. Litt kjedeleg med is er det, men piggsko hjelper. Og eg legg ut så mange bilder av turane mine på Facebook og Instagram at eg får spørsmål om grunnen til all denne aktiviteten… Litt av grunnen er dei tankane eg gjorde meg i januar for eit år sidan, og noko er resultat av at det er artigare å røre seg når ein blir i betre form. Å gå bratte bakkar og kjenne at det er lettare enn før, gir lyst til å sette inn eit nytt gir.
No gjeld det å halde fram med det eg har starta!
Idag vart mannen med på tur, og vi tok lunsjen ute i skogen. |
I dag fekk eg "gull", litt av ein solnedgang! |
Litt frossen #selfie #skogfie |
Bålkjele høyrer med! |
Men det har tatt tid å kome hit. Det tek tid å endre vanar, lage nye, snu tankane. Eg merka jo ikkje særleg til betre form den første eller andre veke, kanskje ikkje før ein har halde på i mange veker…
Vekestarten denne veka må handle om at ting tar tid…
T.T.T.
Erindringsvers.
Jeg har skrevet et sted,
hvor jeg daglig må se,
det manende tankesprog:
T.T.T.
Når man føler hvor lidet
man nåer med sin flid,
er det nyttigt at mindes, at
Ting Tar Tid.
Piet Hein
God veke til deg! Og husk T.T.T.!
Takk for påminninga!
SvarSlettTTT, absolutt!
Fin veke til deg :-)
God veke til deg, også!
SlettInnlegget ditt om "møte med heisdøra" har jeg ikke lest tidligere... jeg leste det nå.. og jeg må si du har vært flink. Jeg ble jo "kjent med deg" litt ut i året/sommeren i fjor? og jeg har alltid trodd du har vært super-ute-flink :) Du har vært kjempeflink til å være ute må jeg si... gir meg inspirasjon:)
SvarSlettSå hyggelig å gi inspirasjon! NEi, jeg har ikke alltid vært super-ute-flink, mye har skjedd det siste året! Jeg håper det blir en vane…ennå er det litt sånn "Nå må jeg komme meg ut" Håper å komme til "nå bare VIL jeg ut".
SlettDEN venter jeg på også:) tjihi
Slett