mandag 5. januar 2015

Leselogg, haust/vinter 2014

Eg les heile tida eit eller anna, og sjølv om eg har ambisjonar om å blogge om bøker regelmessig, gløymer eg meg. Men her kjem nokre bøker frå hausten:

Ikke ville se, Jan Guillou
Fjerde boka om dei tre brørne frå utanfor Bergen. Vi er komne mot 2.verdskrig. Det er familieliv, storpolitikk, fattigdom, tradisjonar... Eg likar så godt måten Guillon skriv på, det har eg gjort sidan Hamilton-bøkene, og her er det historie fra ei kjent, men fjern tid. Slukte boka i romjula, men tenkjer eg må lese den på nytt. Og har du ikkje lese nokon av desse bøkene har du mykje å gle deg til, start med "Brobyggerne".

Ingen er så trygg i fare, Gunnar Staalesen
Varg Veum er ein kjent og god krimfavoritt. Her er Varg Veum i fare. Utnytting av barn, ting ein har mest lyst å lukke augene for. 

Edge of Eternity(The Century Triology) Ken Follett (Norsk "På grensen til evigheten")
Siste (?) boka om århundret av Ken Follet. Eg har slukt desse bøkene! Mykje historie om vårt århundre. Det er godt skrive, og eg får lyst å hjelpe til, når eg ser at historia kunne vore annsleis. Likar du historiske romanar er dette ein serie for deg. Start med "Kjempenens fall"

Sudden death, Anne Holt og Even Holt
Eg saknar Hanne Wilhelmsen, men legen Sara Zuckerman er ei god erstatning! Eg syns løsninga i boka kom litt itt kjapp brått, men det er ei bok det er vanskeleg å legge frå seg.

Thin Air, Ann Cleeves
Endå meir krim, denne er frå Shetland. Bok 6 i serien om ein politimann, privatlivet og jobben. Denne gongen er det bryllupsfest, men ein av gjestane blir borte...

Innsirkling 3, Carl Frode Tiller

Endeleg siste bok om Daniel. Trådane samlar seg, og vi får sanninga. Eller gjer vi det? Tiller skriv godt, eg likte språket godt og historiene. Sjølv om eg innimellom blir litt oppgitt over personane!  

Den lille kafeen i Kabul, Deborah Riodrigues
Lettlest, men med alvorleg undertone om å vere kvinne i Afghanistan. Eg var provosert, rørt og engasjert av det eg las, og tenkjer eg kanskje har lært litt.

No er eg igang med Svøm med dem som drukner av Lars Mytting. Mannen min las den i haust, og var knapt til å få kontakt med før han var ferdig med siste side. Alt tyder på at eg vil ha det på same måte!




Og ingen ting er betre enn ei god bok når ryggen kranglar og sett begrensningar på kva eg får til å gjere. Eg har ein slags fri idag, men får ikkje gjort det eg hadde tenkt… Då er bøker og internett fine saker:) Eg har hatt mykje vondt i ryggen før, men er "ute av trening"(heldigvis) og tålmodet er deretter!

8 kommentarer:

  1. åhh du er der jeg skulle ønske jeg var.. i sofaen med ei god bok:) Jeg har det litt for hektisk om dagen med små hypre barn. bloggpost kommer om det å aldri få satt rompa nedpå, fra meg;) kos deg med bøkene, jeg fikk veldig lyst til å lese "ingen er så trygg i fare", så kanskje jeg kunne fått satt meg et par kvelder:)

    SvarSlett
  2. Gjenkjenning. Gjenkjenning. Las ei heil bok i går. Einaste ryggen tillet. Men det ahr sine fordeler. Det var ei god bok :)Jenta som ikke ville snakke, Trude Teige

    SvarSlett
    Svar
    1. Har ikkje lese noko av Trude Teige, man kanskje eg skulle prøve denne? Prøvar meg med forsiktig jobbing idag, og gler meg på sofa og selskap av "Svøm med de..." etterpå

      Slett
    2. Boka var verd tida.Teige skriv godt. Eg les ikkje mange slike bøker, men denne gav ettertanke i tillegg til spenninga. Elleshar eg vore i ei anna rolle id et site: Mottakar av bokritikk. Gav ut "Garborg og Skou - forskjell på folk?" før jul og hadde høge skuldre. Epost og tilbakemeldingar gjer godt. Nifst å tenkja at lesarar investerer mange timar på det eg har skrive. - Skal fylgja eit par av lesetipsa dine, forresten.

      Slett
    3. Gratulerer som forfattar! Skjønnar det var spennande, å sette seg til for hogg! Men og spennande på måten å få gje ut sine tekster :)

      Slett
  3. Eg var så utruleg mykje flinkare til å lesa bøker før, medan eg no er flink til å byrja på ei bok, men ikkje å lesa ferdig....

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg byrjar og på mange bøker, nokon les eg fort, nokon sakte og dei som ikkje fenger legg eg vekk. Før trudde eg at eg måtte lese ferdig alt, men eg har bestemt at det treng eg ikkje!

      Slett