Ung og fager bioingeniørstudent skjær lever |
Men slike jubileum skaper jo nokre tankar...
20 år er veldig lenge, iallfall når ein ser framover. Eg kan ikkje huske at eg såg for meg kvar eg skulle vere no for 20 år sidan. Og eg klarer ikkje sjå for meg korleis livet er om 20 år, då er eg kanskje pensjonist?!
Eg ville kanskje vorte overraska over at eg faktisk jobbar same stad enno? Men sjølve jobben er ganske endra, eg har heilt andre oppgåver enn for 20 år sidan, men gjer dei innanfor dei same veggane. Men slik livet er, har det vore godt med same arbeidsgivar og kvifor bytte når ein trives?
Eg ville kanskje vorte forundra over at eg jobbar med mikrobiologi? Det var noko som ikkje sto øverst på ønskjelista! Men det er eit modningsfag, ser eg no, og veldig interessant! Eg lærer stadig noko nytt, eg bygger stadig ny kunnskap på gamal kunnskap. Dyr og menneske har mykje av dei samme bakteriane, fisk er litt annaleis, men teamarbeid og litteratur hjelper.
Eg ville kanskje lurt på kvar bioingeniøridentiteten min hadde vorte av? Eg har aldri jobba som "bioingeniør", ikkje jobba på sjukehus anna enn i sommarferie som student, og ikkje før dei siste åra jobba saman med andre bioingeniørar. Eg er ingeniør, med ulike "forord" som avdelings- og over-, men det seier forsåvidt ikkje noko om kva eg jobbar med, nesten kven som helst kan vere overingniør. Skal eg seie kva eg er, brukar eg bioingeniør, det veit dei fleste kva er, og at vi ikkje berre er "vampyrar".
Glede av å vere bioingniør har eg jo, og ikkje berre på jobb.
Eg kan vere den mest nyskjerrige og plagsamme blodgivaren!! "Er det slik de gjer det no?!" "Då eg jobba på blodbank..."(note to self, ikkje sei noko om at det var sommaren 1992, då forstår dei at dette er ei gammal dame med lite oppdatert kunnskap!)
Frå sist tur på blodbanken |
Hos legen stiller eg inngåande spørsmål om kvifor dei ikkje sender bakterieprøvene mine til dyrkning, eller endå verre: har med resistensprofil for infeksjonen min når eg kjem!
Ser du smilefjeset på bakterieskåla? |
Eg kan kome til å fortelje feil go upassande historier under kafebesøk eller middagar, når eg har vore med på obdusjon eller undersøkt den mest hæslege avføringsprøve for parasittar. Slikt blir ofte ikkje tatt godt i mot i selskapslivet...
Strongyloides-egg |
Og spør folk kva eit blodprøveresultat betyr, må eg oftast skuffe dei, det kan eg ikkje lenger. Eg kan derimot gjerne fortelje dei kva bakterie som oftast gir augekatarr. Eg ville hatt store problem med å lage eit histologisnitt, men er ganske flink til å pipettere. Eg ser at eg har ei god grunnutadanning, men at som alle andre ender ein opp med å spesialisere seg.
Slik kan ein bioingeniør sjå ut i 2013. Med kamera i garderoben, trangt og i farta:)
Hei igjen. Artig innlegg, humrer litt for meg selv over de udelikate opplysningene... :) Nei, det er nok ikke alle samtaleemner som passer i et middagsselskap. Har selv noen i nær omgangskrets som jobbet i hjemmesykepleien, og det var ikke måte på hva vi måtte høre av udelikate historier under div måltider. Alt var jo bare helt "normalt" :) Vel, lykke til med de neste 20 år. Gleder meg til å lese hva du skriver på bloggen da.....
SvarSlettTakk for kommentar! Lærer jo litt etterhvert om hva som passer seg, men i lunsjen på jobb blir det meste diskutert og snakket om, der er vi hardføre(nesten alle) Spørs om det er blogg om 20 år :) men jeg har mye på hjertet ennå, så skriver vel kanskje da også?
Slett