Påska kom og gjekk og ingen, iallfall ikkje eg, la ut noko som helst om vekestart for veke 14. Det straffar seg, viser det seg!!! Eg er forskjøla og tett og har feber og har ligge rett ut nokre dagar. Idag orkar eg sitte litt, men ikkje lenge, kjenner eg!
Vekestarten gjev seg nesten sjøl, det må bi eit GRUK av Piet Hein
(eg er mest einig i del ein :) så er det sagt!!!)
Forkølet
Jeg er så forkølet, forpint
og besværet,
og det er så synd og så trist,
og jeg er så syg, som ingen
har været -
siden jeg var det sidst.
Og jeg ligger i sengen ogEg syns grusomt synd i meg sjøl når eg ligg der og hostar, og kan ikkje anna.... Men nokre lysglimt finn eg, tross alt.
tænker kun på
at jeg har det så vederstyggeligt,
og er så elendig og mishandlet, åh!
Og det er i grunden så hyggeligt!
C-vitamin må ein ha! |
Sol utanfor! |
Solgult inne! |
Papirlommetørkle er heilt nødvendig! |
Litt om påska må eg også ha med! Vi reiste nokre dagar til mamma og pappa, med slekt og vener.
Då var eg frisk som ein gyngehest, og fekk fleire fine turar på påskefjellet, som altså er fjellet heime i Romsdalen, ved Herjevatnet, mine barndoms fjell, og ikkje kva som helst slags fjell. Reknar med mange har sitt "eige" påskefjell.
Litt snø første dagen på tur, men det endra seg!!!
Finare kan det knappast bli!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar