Det slo meg, midt i laging av middag, samtale med folk rundt meg og administrasjon av diverse, at det er det eg driv med; sjonglering og prioritering. For dagen idag var litt hektisk...
Det var ein vanleg, og travel dag på jobb. Prioritering er ein viktig del der også, først/sist/fort er stikkord. Noko må gå etter klokka og andre ting krever erfaring og ein kollega å diskutere med. Eg greidde gjennomføre plana om å gå litt før, slik at eg kunne kjøpe middag på tur heim(sidan planlegging av middag ikkje sto på lista, evt hushjelpa hadde svikta) slik at eg kom heim ikkje altfor seint, for der eg hadde besøk av mamma og pappa.
Då eg vel var heime, med middagen innkjøpt, kunne tenåring 2 fortelje at han skulle på bandøving(ting som skjer annakvar veke, er veldig vanskeleg å halde styr på, for mor), som starta før middag kunne forventast å vere ferdig. Vi avtala at han skulle ta buss eine vegen, og bli henta etterpå. Kotelettane kom inn i steikomnen og poteten på kok, så hente eg mannen på jobb, slik at vi som var igjen kunne ete middag saman. Medan eg henta mannen, hadde tenåring 1 huskonsert for besteforeldra, (og eg fekk og høyre gitarleksa då eg kom tilbake).
Så åt vi middag. Plutseleg var klokka litt for mykje, men vi rakk speletimen til junior 1utan å bryte trafikkreglar. Han tok buss heim igjen. Småprata og åt konfekt saman med mamma og pappa og mannen, og tenåring 1 kom heim og åt konfekt før han gjekk laus på leksene. Mannen henta så tenåring 2 etter bandøving, og kom heim i tide til å seie hadetbra til mamma og pappa. Bittelitt ro før mannen skulle bort, og han fekk sitte på med ein kompis(vi har vel gjort vårt for luftforureininga i dag...) Etterpå har eg vaska klær, sortert klær, prøvd klær, sett over dukar og sølv til konfirmasjonen og faktisk sitte litt i sofaen!
Travelt? Ja!
Samtidig er dette kvardagen, det normale, slik eg vil ha det. Eg kan gå på jobb, treffe kollegaer. Reise heim etterpå, vere saman med familien, ha besøk, glede meg over aktive tenåringar, kjenne på livet! Så kan eg sukke litt over travle ettermiddagar, at eg er sliten etter jobb, at eg ikkje har oversikta, at eg gløymer:
Men eg vil gjerne ha slike dagar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar