På måndag kjøpte vi nye fjellski til meg! Hurra! Kanskje rekk eg bruke dei før snøen forsvinn? Gler meg til å bruke dei, sjøl om det kanskje ikkje blir denne sesongen. |
Tirsdag, sol og småsko. Sjøl om eg likar ki og snø, er dette eit høgdepunkt kvart år. Det kjennes som å fly! Akkurat her var det ikkje is heller, hehe. |
Onsdagen tok meg frå bar asfalt til skitur. Seint på ettermiddagen, med full sol! Det var fint, og føret var varierande, frå is i sporet til slush |
Torsdag var det sceneskifte igjen. Årets varmaste dag, til då, var perfekt til båtpuss, skifte av sinkanode på propellen og anna forefallande arbeid. Vi rakk å bli ferdige til felles båtutsett i år også. |
Fredag bakte eg fylte horn til dei som skulle sette ut båt på laurdag, og litt til middag på fredag kveld. |
Søndag kome med sol og varme, og litt tid innimellom til å nyte dagen på terrassen. Te og lesestoff og snø som smelta slik at vi nesten kunne sjå korleis den krympa! |
Våren er fantastisk, og særlig når vi har hatt en sånn knallbra vinter som vi har i år. Jeg elsker årstidene, og så er jeg veldig glad i overgangen mellom vinter og vår og mellom sommer og høst. Jeg kunne ikke ha bodd i et land uten fire årstider. :-)
SvarSlettEnig! Det er noko med underet i å sjå vinter bli vår, på berre nokre dagar. Og sommar bli haust osv.
Slett