På måndag gjekk eg sesongens siste skitur, igjen. Eg håpar stadig det lurer ein skitur til rundt neste sving. Men det spørs... Denne hadde innslag av slush, is, fotbad etc, MEN samtidig var det SÅ fint! Sol, varmt, der det ikkje var is etc, var det snø og gode løyper. Det er ein viss fare at eg ættar direkte frå den første nordmann som Odd Børretzen skriv om, han/ho som istaden for å sjå på vårteikna følger etter snøgrensa...
Tirsdag bakte eg krydderkake. Ikkje berre fordi mamma fylte 82 år denne dagen, men for å kunne ha med på jobb onsdag. Krydderkake med osteglasur...fort gjort å måtte prøvesmake litt!
Onsdag hadde vi parasittkurs på jobb. Så interessant og lærerikt, og eg skal ikkje dele så mange detaljer her :) La oss berre slå fast at der har eg mykje å lære om midd og dens venner, og eg kan sikkert lære meir om tarmparasittar og, men der er eg ikkje på fullt så gyngande grunn.
Etter jobb pakka vi i bilen og sette bilsnuten mot Romsdalen.
På torsdag var eg på fergetur og fulgte mamma på eit sjukehusbesøk. Ære vere lokale drosjesjåførar som kjenner både folk og land, og sjukehusvertar som ser folk og passa på! Sjøl om vi ikkje trong hjelp, er det fint med nokon som kan systemet og som ser oss som sitt i kø!
Då vi kom heim, var det nesten 20 grader og sol. Eg gjekk tur, høyrte fuglesang og bekkebrus og såg hestehov, snøklokker og kvitveis i alle grøfter. For ikkje å snakke om at det vart grønare minutt for minutt. Eg gjekk meg varm i motbakkane og tenkte at eg tåler jammen sommar og varme i år også!
Fredag var eg ute på ærend og gjorde både det eine og andre, og jammen rakk eg ikkje møte mannen til ein kjapp date med lunsj på kafe. Snakkarane (80 og 88 år) måtte vente litt på justeringsskruane (eg kjenner meg litt på tynn grunn når eg går på slik snekkarbutikk og skal ha justeringsskru...) slik at dei fekk inn badeglaset, men dei brukte heldigvis pausen til å få seg litt mat!
På laurdag tok eg bussen. Dette er utsikta frå busshaldeplassen. Markane vart grønare for kvar dag. Og akkurat her regna det også...
Idag, på søndag, kom vi heim. All snøen har smelta! O lukke! Og krokusen hadde kome fram!
Haha, jeg måtte le litt nå. Mannen til ei venninne av meg mener jeg tydelig har de samme genene som mine forfedre: altså de som flytta etter snøkanten etter siste istid... Kanskje vi er i slekt? ;-)
SvarSlettKanskje vi er i slekt, ja! Men heg nyter våren må, altså!
SvarSlettJa, det gjør jeg også! Og etter en ordentlig vinter er våren helt nydelig! :-)
SlettDu har fått gjort litt av hvert forrige uke, ser jeg. Heldigvis er våren her nå og de beste månedene i året fremfor oss, tenker jeg i alle fall. Og så fint å lese nynorsk. Det er ikke ofte i bloggverdenen og jeg burde også ha skrevet nynorsk, for det er min dialekt. Jeg bor på Jæren.
SvarSlettBeste hilsen Ingrid på https://ingridtunheim.no
Takk for hyggelig kommentar. Nynorsk er hjartes preken, og eg syns det er fint å ha ein plass å bruke nynorsk. Eg brukar det lite elles.
SlettVåren har vel kome enda meir på Jæren,men det byrjar bli her i Trondheim også. Gler meg på meir farger og varme!