Denne veka har vore prega av jobb, litt førebuing til påske og litt husarbeid.
På måndag tok eg fram symaskina og reparerte litt klær!
På tide og altfor lenge sidan sist og det tok kortare tid enn eg trudde...
Tirsdag testa eg ei ny oppskrift på rundstykker. Nam!
På onsdag fekk eg endeleg ein ekstra PC-skjerm på jobb. Det gledes!
Til rundstykka passa det godt med suppe, og i kjøleskapet hadde vi grønkål =grønkålsuppe. Mannen var litt skeptisk, men det smakte godt!
Torsdag pynta eg litt til påske, slik at det skulle vere klart til sonene kom heim på fredag. Det vart berre litt den dagen (og ja, eg veit at det eigentleg ikkje skal pyntast så tidleg, men det er no vi er heime) og det har ikkje vorte noko meir etterpå heller.
Fredag rakk vi felles middag alle fire før folk skulle vidare på andre avtaler. Enchiladas etter denne oppskrifta blir nok laga fleire gonger.
Laurdag vart det lang skitur! Litt lenger enn planlagt, som det ofte blir, for kvifor ikkje ta med den sløyfa der også?! Og eg hadde vinterens første fall. Det gjekk bra, det gjekk verst utover verdigheita og humøret.
Idag, søndag, har vi vore på middag hos ein indisk familie. Eg bakte suksessterte som gåve. Og laga påskekylling og påskeegg i marsipan som pynt. Det vart godt, og riktig så mektig! Kyllingane laga eg etter ide herifrå. Og vi fekk chili med sitron, indisk ost (panir) i spinatsaus, egg i curry, ris og yoghurt. Ein slags pudding til dessert. Vi er gode og mette!
Då er det straks klart for ny veke. To og ein halv dag på jobb. Båtpuss for dei andre. Frisørtime. Mat og pakking og avslapping før vi reiser, trur eg. Får sjå kva eg rekk!
Jeg har også reparert klær i dag. På vilde sin anmodning. Og vært på oslo tur. Sånn som vi to hadde.
SvarSlettHa en fin uke!
Ønsker en god uke til deg også!
SlettOg den Osloturen vi hadde kunne godt hatt en reprise!