Eg har kome meg, forresten, i starten ville eg slett ikkje ha ansvaret når dei søte små sette seg bak rattet. Helst ville eg ikkje sitte på heller(jada, bittelitt pysete mamma!) Men etter fleire turar som ansvarleg bisittar, klarer eg no framstå som relativt avslappa(det kan finnast ulike meiningar om dette i familien. Eldste junior peika på at det neppe hjalp at eg bremsa, når det var han som hadde pedalane…. Og det kan han jo meine, eg tenkjer at det skader ikkje å prøve, kanskje ein kan redusere farta på bilen med tankeoverføring?) Eg skrik ikkje lenger høgt om grøftekantar som nærmar seg, fotgjangarar som står i vegkanten eller møtande bil. Eg er ganske kontrollert i stemma når eg foreslår å bremse ned før sving, sjekke dødvinkel ved filskifte og velge riktig fart i tettbygde strøk.
Konsentrert baksetesjåfør |
Eg fekk forresten eit spørsmål om det er lov med passasjerar, og fann dette svaret på Trafikalt grunnkurs:
"Det er ingen restriksjoner på hvor det er lov å øvelseskjøre. Det er likevel viktig at det taes hensyn til kandidatens nivå. Det er heller ingen begrensninger på antall passasjerer - likevel er det igjen viktig å ta hensyn til kandidatens nivå. Øvelseskjøring innebærer en viss risiko. Tilpass derfor antall passasjerer og kjøreruten etter nivået."
Men som det står her, tilpass etter erfaring og nivå(og det skadar ikkje at dei som sitt på veit å oppføre seg!)
Det blir snakka om at det er færre som tek "lappen" no, og det er det sikkert fleire grunnar til. Det er dyrt, det er ikkje miljøvenneg å kjøre bil etc. Når ein bur ein i by, som oss, går det mange bussar og det er relativt korte avstandar. Samtidig blir det ein del kjøring og henting, og som beskrive i #morstutogkjør har det ofte vore full ordrebok. Det kan bli fint for både mor og barn å sleppe taket litt(for mor altså). Vi foreldre er dessutan vakse opp i meir grisgrente strøk, og bussen gjekk omtrent like ofte som det var måneformørking, iallfall på kveldstid, og då var lappen eit must!
Når ungane først vil ha lappen, tenkjer eg at vi som foreldre har ansvar til å hjelpe dei, slik at dei får kjøretrening og blir tryggare sjåførar. Så eg øver pusteteknikk og stemmebruk, og tek oftare og oftare passasjersetet framme og seier "Kvar skal vi kjøre?"
Bilde lånt frå NAF-butikken |
Konklusjon? Det er godt eg har mannen som har tatt grovarbeidet i opplæringa, gutta boys blir betre og betre på bilkjøring og mor er ikkje så tøff som ho gjerne vil vere!
Om eg har tid å bruke på blogging ein laurdag formiddag? Ja, ute snør og regnar det loddrett/vassrett/oppover/nedover og bles kald vind! Eg skal kanskje kle på meg og gå ein tur etterpå, kanskje, men no er det godt inne i varmen.
Gjenkjennelig, selv om det heldigvis er noen år til gutta skal øvelseskjøre! Men pinglemor er på plass allerede...
SvarSlettØvelseskjøring er frykteleg slitsomt, for den som sitt på! Men puste med magen og tenke positivt…. :)
SlettJeg slapp unna den biten med øvelsekjøring da datteren min faktisk fikk lappen nesten to år før meg...
SvarSlettMen den bremsingen kjenner jeg meg igjen i, etter at jeg selv begynte å kjøre gjør jeg det hver gang jeg er passasjer med andre - utrolig slitsomt og så får jeg gangsperre i låra av det;D
Sånn bremsing er veldig slitsom:)
SlettHaha, jeg har heldigvis noen år igjen før vi er der. Mannen min mener jeg har noen "baksetesjåførtendenser" når jeg sitter ved siden av ham, men det mener jeg er sterkt overdrevet... ;-) Fin dag til deg!
SvarSlettMannen din overdriv, det gjer min mann og! Nokon må jo bremse eller seie frå :) Ønsker deg en topp dag!
Slett