tirsdag 1. mars 2016

Ordning og reda i oppvaskmaskina

For ei stund sidan skreiv Dagens Næringsliv om stabling i oppvaskmaskin; Oppvaskmøte. Då eg tømte oppvaskmaskina idag, byrja eg tenkje på den artikkelen.
Igår såg eg junior tømme oppvaskmaskina. Han starta med bestikkorga! Det var så rart at eg å måtte kommentere det. "Hæ, det gjør æ alltid!" sa junior. Kvar har han det frå? Eg startar (nesten) alltid med glasa i øverste skuff, og arbeidar meg nedover, og står igjen med den kjedelege bestikkorga til slutt. Eg ser at junior har eit poeng, det kjedelegaste først. Men endre rutine?!
Ein av mine beste venner!
Eg kan forresten sjå kven som har stabla og starta maskina også. No er det oftast eg, men er det mannen, ser eg det klart og tydeleg. Han sorterar glasa, slik at dei like står saman, og koppar for seg. Tallerkenane er også sortert, slik at det berre er å ta dei ut som ein stabel og sette rett på plass skapet.
Men han utnyttar ikkje plassen så godt!

Eg fyller nemleg maskina for å få mest mogeleg inn! Vi snakkar mest! Eg veit akkurat kvar kasserollelokka kan stå, og samtidig få på plass til ei gryte, saftmugga og middagstallerkenane. Eg veit(betre enn alle, meiner eg) kvar glas og koppar og litermål skal stå i øverste hylle for å utnytte plassen best mogeleg og framleis bli reint. Eg kan bruke god tid på stabling for å sleppe å vaske noko for hand... Eg kan vurdere kva eg skal dekke med, utfrå om det kan gå i oppvaskmaskina eller ikkje! Vi har ei tredje skuff i oppvaskmakina også, i midten. Der kan sleiver og vispar ligge, og det er plass til lave glass og matboksar etc. Eg veit akkurat kva som er lurt å sette der, slik at det blir plass til fleire glas i øverste hylle! Og eg veit kva om IKKJE skal stå der, for då får ikkje rotoren plass og oppvasken blir ikkje rein. Og eg flytar gjerne om på det andre har gjort. Eg er nok ein stappar (ref artikkelen i DN.no)
Eg nektar ikkje gjestar å sette inn i maskina, men eg flyttar kanskje om på ting etterpå...

Er du også den som er flinkast i heimen til å stable i oppvaskmaskina? (og no satsar eg på at mannen ikkje les bloggen min på ei stund... )
Og kanskje eg skulle skrive litt om sortering av klesvask og oppstart av vaskemaskin også?!


4 kommentarer:

  1. Hehehe, jeg er nok den flinkeste stableren, men jeg er definitivt ingen stapper! Hos meg skal helst ingenting være borti noe annet, bortsett fra i bestikkurven. Men jeg er nøye på å stable asjetter og skåler etter type sånn at jeg kan løfte hele stabelen opp på en gang. :-)

    Jeg starter med underetasjen, så bestikkurven før jeg tar øvre etasje.

    SvarSlett
  2. STILIG! JA, DESSE KARANE ER IKKJE "STAPPERAR" ;-)

    FIN MARS TIL DEG OG DINE!

    SvarSlett
  3. Det aller viktigste er å ha en maskin med gode kurver som kan fylles mest mulig. Jeg brukte lang tid på å lete da vi måtte ha ny maskin. Den er uten bestikkskuff, som er så vanlig nå. Da ble den øverste kurven høy nok til de aller høyeste glassene. Dessuten er den nederste kurven mer finmasket enn på de fleste andre. Da kan jeg plassere glass og kopper der også.

    SvarSlett
  4. Hehe! Ja, vi meiner vel alle vi gjer det rett! Og enig med Åshild, det er veldig viktig med rett maskin slik at det er lett å stable! Det er ikkje berre for å få det på min måte at ikkje gjestar får fylle maskina, for det er noko med å kjenne maskina og vite kva som er lurt. Eg likar ikkje å sette inn i andre sine maskiner, for dei er ikkje like mi maskin. Eg kan heve og senke øverste hylle, då får eg inn høge glas. Midtskuffa kan eg ta ut, då får eg inn store middagstallerkenear også. Vår maskin tek 17 kuverter, mot 12 i vanlege, og det er fint når vi har selskap(og til kvardags)

    SvarSlett