tirsdag 21. oktober 2014

Leselogg sånn utpå hausten

Eg elskar å lese! Eg MÅ alltid ha minst ei bok tilgjengeleg, helst fleire. Noko lettlest, noko djupare, gjerne ei bok på engelsk, og allerhelst eit par tre på vent. Eg tek bilder av bøker i bokhandelen, eg riv ut bokmeldingar for å ha til seinare, og eg kjøper bøker. Det passar alltid med ei bok til, sjølv om eg har vorte flinkare, bøker tek plass!
Og eg har ikkje vore flink å oppdatere bloggen med bøker eg har lese i det siste….

Men noko har skjedd det siste året. Eg elskar å lese på senga, det har eg alltid gjort. Av og til har eg måtte seie til meg sjølv at i kveld kan eg ikkje lese, for i morgon er ein viktig dag. Elles kunne eg lese til langt ut på morgonkvisten. Og for ein fridom ;) berre forsvinne inn i ei bok! Men noko har skjedd… eg kan vakne av at boka dett ned, av at eg ikkje får med meg det eg les, at orda blir borte, fordi eg SØV! Eg søv? Hæ!? Eg skuldar på travel dagar, mykje å gjere+++ det kan umogeleg vere alderen! Ein sjeldan gong, når eg ikkje får sove sånn i tre-fire-tida(jada, mannen min, du som ikkje får sove når lyset er på) Eg slår på lyset og les litt, og vips er det natt igjen!

Men litt les eg :)

"En ny begynnelse" av Adriana Trigiani. Feel-good-bok som bygger på familiehistoria til forfattaren. Var med meg på ferietur.

"Kjærlighet i koleraens tid" av Gabriel Garcia Márquez. Av og til forstår ein kvifor ei bok er ein klassikar og kvifor nokon vinn Nobelprisen i litteratur! Anbefalast!

"Innsirkling" av Carl Frode Tiller. Denne ligg på vent, og eg gler meg, for eg har likt dei to første bøkene i serien veldig godt.

"Hulemannen" av Jørn Lier Horst. God krim med ein klok etterforskar.

"Ren samvittighet" av Jan Mehlum. Ein bittelitt lurvete advokat med stort hjarte og rettferdssans, som stadig kjem i trøbbel. Ein av mine norske krimfavorittar. Då eg var i Tønsberg i fjor haust er eg sikker på at eg såg han gå forbi hotellet ein regnvåt søndagsmorgon på tur med hunden sin.

"Ett helt halvt år" av Jojo Moyes. Feel-good og tankevekkande på same tid. Om skadd liv og brutte håp. "The One Plus One" ("Den ene pluss en" på norsk)av samme forfattar har ikkje like alvorleg undertone, eller, det har den vel, med mobbing og sosial nød, men det er meir preg av kjærleikshistorie lell.

"Leserne i Brken Wheel anbefaler" Katarina Bivald er lettlest, koseleg,  har litt forviklingar og er feel-good utan tvil! Men av og til er det  det eg vil ha!


8 kommentarer:

  1. Sukk ja, eg var ein flittigare lesar før... No held eg på med ei bok av gongen, og det tek ei stund å lesa ferdig. Før kunne eg lesa opptil 2 bøker på ei helg...
    Akkurat no held eg på med 'Et helt halvt år'... Nydeleg bok så langt..
    Ønskjer deg fleire klare lesekveldar, utan bråvakning av fallande bøker ;)
    Siri

    SvarSlett
  2. Herer det gjenkjenning, ja. Synest no likevel det ser ut som om du får lese ganske mykje. Takk for gode tips.
    Er komen i den alderen der ein synkjer seg bokhyller, ikkje bøker på ei stund, men likvel sig det på bøker, tjukke bøker som vil bu hjå meg.
    I det siste har tida gått med til utgivelsen av mi eiga bok "Garborg og Skou -forskjell på folk?". Trudde forlaget hadde mest å gjera i denne delen av prosessen, men sanneleg er det mange små ting å hugsa på, no også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Spennende å gi ut bok sjøl da!!! Dit kjem nok ikkje eg :) Men kjenner igjen den med å ønskje seg bokhyller, vi har for få…og det blir stadig enda færre, når eg fyller huset!

      Slett
    2. Sei ikkje det, at du ikkje kjem dit. Har du noko viktig på hjartet, så, plutseleg er du der.

      Slett
  3. Nydelige lesetips, har notert flere av dem!! Har du lest "Lykkelige mennesker leser og drikker kaffe"? Fin og god.

    SvarSlett
  4. Jeg har lest "Lykkelige mennesker leser og drikker kaffe" og likte den godt. Helt til slutten. Slutten var teit.

    Har også lest "Et helt halvt år" og irriterte meg grenseløst de første 100 sidene for de er direkte kopi (med unntak av assistentens kjønn) av filmen "De urørlige" som er basert på en sann historie. Filmen anbefales på det varmeste forøvrig - en av de fineste og mest hjertevarme filmene jeg har sett noen gang! :o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg syns slutten på "Lykkelige mennesker…." var god, hadde det vært lykkelig slutt hadde det bare blirr suppe, syns jeg.

      "Et helt halvt år" utfordra meg litt, jeg har ikke sett filmen du sikter til, så ikke farget av den(men skjønner at den må jeg se) Men jeg ble litt usikker på agenda en med aktiv dødshjelp innblanda i en litt "lett" bok, jeg likte den, men det ble litt både og syns jeg!

      Slett