Vi hadde kokt potet, løk, ost, egg, bacon, det måtte bli omelett! Kjapt og greit!
Samtidig fann eg likt og ulikt som ikkje trong ligge lenger på etterlagring i kjøleskapet, så eg fekk rydda litt medan eg stekte bacon, og komposten fekk ny næring. Eg syns det er litt betre å kaste dårleg mat i komposten enn i søpla, men det beste er at det ikkje blir for gammalt. Restar kan bli bli restemiddag eller kveldsmat eller lunsj. Den siste veka har eg ete middagsrestar til lunsj, det gjev litt sånn luksuskjensle! Adskilleg betre enn brød med ost, lettare å ete meir grønsaker blir det og.
Men altså, idag åt vi omelett:
Omelett, etterpå…. |
Fantastisk bilete!
SvarSlettDet er hærleg å kunne bruka opp alle restar som samlar seg; eg har blitt litt flinkare til slikt med åra. Og som regel set resten av familien òg pris på gamal mat i ny forpakning :)
Siri