Men idag har vi feira at eldstemann har vorte 18 år. Det er rart for mor! Eg seier at husreglane gjeld enno, når han bur heime. Eg vil vite kva han gjer på, når han kjem heim i helgene og kven han er saman med.Vi må ha ei slags nedtrapping for mor, og opptrapping for han som er myndig når det gjeld anvsvarsfordeling! Idag vart det iallall familieselskap, med gomor og gofar på helgebesøk, og storfamilien til middag. Vi er heldige å ha mykje familie i nærleiken. Eg syns det er så stas å lage selskap og samle flokken, men kvar gong kjem eg til eit punkt der eg lurer bittelitt på kva eg gjer på… For det må ryddast, det skal lagast mat og ting skal bli ferdig til eit visst punkt. Vi rakk det idag også, med elgkarbonader til moddag og eit rikeleg kakebord.
Det var prat og latter og oppdatering av nyheiter om fjellet "Mannen" i heimkommunen min som er i ferd med å rase ut. SMS fra niese som køyrte buss forbi mannen, besøk av nevø som måtte på jobb. SMS frå søster som satt fast i London pga problem med flyet. Nokon som ivrig følgjer med på fotball, og kan fortelje oss korleis det går med dei ulike laga. Nokon lagar søylediagram over kva mobiltelefon alle i familien har. Småprat med små nieser om alder; "æ e 4 år" og "æ e nesten fire og ett halvt" Stakkars minsteniese som er berre "2 år altså"! Og vill gjetting på tante sin alder, det er alltid artig, og dei traff ikkje så allerverst.
Elgkarbonader |
Kakebord |
Men det er slitsamt med dårleg hørsel, eg får litt trøbbel med å følgje med i samtalen, og blir lei å spørje om att. Det er berre å innrøme at det er litt gjetting… Det gjorde difor godt med ein lang tur åleine i kveldsmørket etterpå.
Eg skal skrive eit innlegg om hørsel igjen ein dag, det skjer ikkje så mykje nytt, samtidig skjer det mykje. Det får bli ein eigen bloggpost. Eg lever med øresus og dus, og høyrer lite på det eine øret.
Ute er det haust! Det var sol til frukost og styrtregn til middag, vintertid ga tidleg mørke på kvelden, det er ei endring i det meste. Kanskje treng vi nokre ord å undre oss over?
Tre høyst merkverdige ord
Idet jeg uttaler ordet Fremtid,
tilhører den første stavelsen allerede fortiden.
tilhører den første stavelsen allerede fortiden.
Idet jeg uttaler ordet Taushet,
bryter jeg den.
bryter jeg den.
Idet jeg uttaler ordet Ingenting
skaper jeg noe som ikke kan rommes av noe tomrom.
skaper jeg noe som ikke kan rommes av noe tomrom.
Forfatter: Wislawa Szymborska
Håpar du får ei fin veke!! Eg skal lage meg nokre friminutt, der eg undrar meg litt!!
Gratulerer med 18-åring! Det er gøy å lese tankene til ei som er mamma til noen eldre enn mine :)
SvarSlettTakk! Det er rart å ha ein son som er myndig, og eg forstår at eg må sleppe han meir og meir… Og på fredag var sekstenårigen på klassefest med ny gjeng frå videregåande, det var under forutsetning av at eg fekk kome og hente han! Monstermor, på ein måte...
SlettGratulerer så mye! Vi har også 18-åring om fire uker, og jeg er også tigermamma!
SvarSlettSå fint selskap høres det ut som:) koselig med familieselskaper! Jeg syns dette med "mannen" virker så skummelt... tror ikke jeg hadde turt å bo der! Ha en flott uke;) jeg har fått fullstendig skrivestopp kjenner jeg:)
Skrivestopp skjer, men du kommer vel igeng igjen! Ha en fin uke!
Slett