Det er vinterferiehelg, altså den felles helga begge ungane har vinterferie, og eg kan slenge meg med på feriekjensla. Eg har jo ikkje ferie, så det er godt med ei helg der feriekjensla rår i huset.
Eldstejunior har hatt ferie på folkehøgskulen i veka som gjekk og etter litt "fjellrangling" i Romsdalen, kom han heim saman med to vener torsdag, og dei skal reise til New Zealand tidleg i morgon. Minstejunior starta ferien denne helga, og har slept skuldrene ned i helga. Det trur eg var på tide og heilt nødvendig, det er nokon som gir alt på skulen!
Denne helga har altså huset vore fullt. Det er så stas! Samtidig har det gitt meg eit møte med min indre "gæmlis"... Eg meiner, kva er galt med heilt faste avtalar? Ganske klar felles forståing? Stilletid, innetid og slikt... Altså, dette er sikkert verdas beste ungdom, men eg har møter meg sjølv i døra. Eg likar å vite, å få ting unna, planlegge litt, osv. Når eg trur vi skal ha felleslunsj, skal nokon hit og nokon andre dit. Når eg spør om det var slik at dei skulle vaske klær, skal dei spele spel. (men eg prøvar å halde munn og ikkje mase, eg forstår vi har litt ulik oppfatting av ting! Og kven vil vel vere ei masemor? Men ei natt måtte eg sende ei masemelding...)
Eg har kosa meg, det har vore lange, triveleg frukostar med diskusjon om mangt og mykje! Vi har hatt hektisk, utvida middag med ekstra gjestar slik plutseleg, kamp om tv-stova, musikk av det slaget eg ikkje brukar høre. Vitsing over ein lav sko. Latter! Vi måtte utsette middagen fordi nokon skulle ha musikkinnspeling i kjellaren. Vi har sett på gamle bilder. Snakka om bøker. Seine kveldar(men eg la meg og sov)og seine morgonar. Og eg har fått være med på mykje- det er ikkje det!
Eg står i ein årelang tradisjon og rekkje av mødre, bestemødre og tanter som seier at "no må de ete" og "kva vil de ha til middag?" Ingen skal gå svoltne frå bordet, alle skal få noko dei likar og eldstemann som ikkje bur ved mine kjøtgryter lenger må natulegvis få yndlingmaten sin! (Og til veka skal vi som er heime leve godt på restar frå helga) Lammesteik, pulled pork og tapas. Amerikanske frukostpannekaker, varme rundstykker og jordbær til dessert.
Men ting skjer fort, utan mi planlegging eller innblanding. Det er syssel hit og dit og tilbake igjen. Og det er stas! Det kokar naturlegvis ned til at eg må innsjå at eg ikkje er familiens(ungane) sitt midtpunkt lenger. Sukk! At eg og mannen legg oss til vanar som passar oss to. At eg likar lese avis til frukosten. Høyre litt radio. Og slik er kvardagen, men aldri om eg difor vil seie at det ikkje passar med besøk! Eg får legge vanedyret, gæmlisen, på lager, og leve med i flyten når det er slik og leve mitt liv elles!
Eg får tru eg klarer å balansere, slik at eg ikkje berre blir gæmlis, men planlegg framtida som i dette diktet:
FRAMTID
Champagne, sa hun, rosa champagne
i min begravelse!
Lys i stakene, kransekake
og to fioliner.
Hektiske roser bare ved tanken
på alle gjestene.
Men først bestilte hun røde sko
til nittiårs-dagen.
Åse-Marie Nesse
Mine nye sko har iallfall eit raudsskjær i seg :
Ha ei sprudlande veke!
Skjønner akkurat hva du mener! Her prøver jeg å lære avkommet at det kan være greit å legge litt planer når de skal gjøre noe som innvolverer andre, og ikke minst dele de planene med dem det gjelder. De lærer det vel en gang - håper jeg... :-)
SvarSlettDe lærer vel. og kanskje er det slik det er her i livet? At vi foreldre skal mase?
SlettNå er junior i Bangkok, på vei videre til new Zaeland, og jeg må stole på at ha klarer seg sjøl...
Det herligste diktet, det gjorde meg glad! Sånn skal man angripe livet!
SvarSlettIkke sant!? Jeg har forresten ett par røde sko i skapet, kom jeg på, de skal jeg jammen bruke en dag!
SlettJeg har også røde sko, med sløyfe og mørkegrå hæl. De er kjempekule! Brukte dem på fest på fredag. :-)
Slett