Då eg var lita syns eg det var ganske stas at Sonja og Harald gifta seg nesten på fødselsdagen min, eg var 2 dagar då dei gifta seg. Eg syns liksom vi hadde noko felles... Eg ser gjerne kongelege hendignar på fjernsyn, feks er italiadukka mi døypt på samme dag som Haakon Magnus. Dåpskjolen var eit gult frottehankle og eg hadde seleskjørt og skulderveske i raud skai.
Litt usikker på kva eg har rundt halsen, men det er truleg ein slags "pelskrage" etter inspirasjon av Sonja. |
Ein slags tidleg "scrapbook" , utført av 5 år gamle Kirsti |
For 25 år sidan var eg student, og eg budde i kollektiv med to venninner i Oslo. Då eg sto opp 18.januar og møtte dei andre til frukost var eg heilt uførebudd på meldinga om at kong Olav var død. Det var litt merkeleg! Eg var og er ein rev etter nyhende, følgjer med i aviser og på radio(den gongen fanns jo ikkje internett, og vi hadde ikkje tv!!) men dette hadde eg altså ikkje høyrt. Det var jo ei spesiell tid i verda, med krigen i Kuwait og redselen for at det skulle spre seg, iallfall i Midtausten og kanskje vidare, så eg trudde eg var godt orientert.
Grunnen var at eg kvelden før hadde besøk, av han som no er min mann. Det var akkurat den kvelden vi fann ut at det skulle vere oss. Eg var langt inne i mi eiga rosa boble! Å ha ein slik dag som minne, der to så viktige ting skjedde, er litt rart. Vi gløymer iallfall ikkje datoen vår!
Det var spesielt å bu i Oslo også den perioden. Vi reiste ganske fort ned til Slottet, hadde med lys og tente. Eg hugsar godt alle folka, lyshavet, blomster og kort som låg der. Heile byen var stille, tross alle som kom og gjekk. det var snø og litt kaldt, trur eg. Dagane fram til gravferda var annsleis enn vanleg, og sendeprogrammet på radio og tv var endra. Den dagen gravferda var, fekk vi fri frå studia. Eg hugsar vi var fleire samla hos ei studievenninne og såg seremonien på tv. Det var høgtideleg og sterkt!
Men tilbake til mannen og meg, 25 år er lenge. Samtidig har det gått fort! Det er godt å ha nokon å høyre saman med, og vekas dikt må handle om dette. Tross kongeminner og 25årsjubileum for kongeparet, dei blir feira av så mange, dette er til mannen og meg:
PERFEKSJON
Jeg velger meg kun én egenskap
fra øverste hylle;
å være sånn at du spør deg selv
hver bidige dag
om hva du skal
med noen andre enn meg
Trygve Skaug
Eit bilde til frå utklippsbok mi. Her er Märtha med bestefar, og dagens kongepar står i bakgrunnen.
Ååå, så koselig! Jeg har mange gode minner fra en utedo dekorert med kongefamilien. For slik var det nemlig på bondedo'n!
SvarSlett