onsdag 11. september 2019

Når kroppen ikkje har fått med seg det hodet veit.


Forrige veke tok eg ein operasjon. Ikkje noko farleg, men eit planlagt inngrep for å fjerne plager eg har hatt ei stund. Eg skal ikkje seie eg gledde meg til operasjonen og alt rundt, for eg har hatt mine rundar med narkose og sårflater og opptrening, men eg gledde meg til å bli ferdig.
Venterom. Kunst oppe i høgre hjørne.

Eg syntes eg var godt førebudd, i hodet, på kva eg skulle. Klart eg grudde meg litt, eg hadde lese meg opp på inngrepet, mulege problem og metodar. Eg vart sendt heim av anestesilegen med beskjed om å google narkose, og lese om spinalbedøving då eg var på preoperasjon. (så eg var klar over både fordeler og ulemper og ikkje minst komplikasjonar!) Men det er litt spenning med å stille fastande og trøytt på eit trangt venterom, saman med mange andre som også er trøytte og spente, og vente på å bli ropt opp... Det er veldig stille på slike venterom kl 0700 om morgonen!
Men det var min tur nesten først, eg fekk seng, blå skjorte størrelse "svært stor" og nettingtruse. Eg hadde den mest ivrige sjukepleiestudenten som målte blodtrykk og puls og tok blodprøver. Eg fekk sikkert 10 ulike tablettar, og slumra meg gjennom ventetida. Eg var klar!!!

Og på operasjonsstova var dei snille og milde og viste kva dei skulle gjere. Eg berre var der, eg klarte slappe av og vips sov eg.

Men så kjem det etterpå. Narkosen var ute av kroppen, men spinalbedøvinga satt i og munnen var tørr. Hodet visste kva som hadde skjedd, og forsto sånn nokonlunde kvifor eg var kvalm, hadde vondt og kjente meg mørbanka. Kroppen derimot, den trudde den har vore i krigen, møtt ein vegg, ramla ned ei skråning eller noko slikt. Alle forsvarsmekanismer i kroppen var i høg alarmberedskap! "Alarm, alarm", her har noko gått galt! Den huska eg ikkje frå sist. Og den smitta litt over på hodet... Åh, dette vil ta så lang tid! Maten smakar ikkje godt, eg er kvalm, senga er vond, og eg angrar!
Bleik, dårleg matlyst og usikker på om
eg kler lyseblått?
Frukost med utsikt

Nåler både her og der.
Til slutt måtte eg be om at dei festa slangane litt,
for eg hadde i begge armar og det vikla seg saman...
Ære være snille, kloke, tålmodige, trygge sjukepleiarar, som passa på meg, trøysta og oppmuntra! Dagen etter kom eg meg heim, til mi eiga seng, med eit lass smertestillande og ei eske sprøyter med blodfortynnande medisin eg skulle sette i eigen mage. Eg har gjort det, sjølv om eg nesten snudde meg vekk i det eg stakk, magen har mange blåmerker....


No har det gått ei veke, eg har prøvd meg fram med smertestillande og aktivitet. Eg har lese mange bøker, høyrt mykje radio (sjeldan så oppdatert på valget som i år) og sett ein del dårleg tv. Eg har fått pass og stell av familien, eg har hatt besøk. Og eg har klart litt etter litt meir, og kroppen har byrja avlyse katastrofen den bråka om forrige veke. Eg reknar med at forbodet mot å løfte meir enn 5 kg samt å støvsuge gjeld i mange veker framover, der tek eg ingen sjanser! Eg har fått tilbake matlysta, det var ingen fare. Eg har utvida turane mine dag for dag, eg legg inn kafepauser eller har med termos i skogen. Eg har vorte forbigått av pensjonistar i rusletempo, men berre vent, om nokre veker skal eg ta dei igjen!
Eg angrar ikkje slik eg gjorde rett etterpå, eg satsar på at eg snart er i vanleg rutine igjen!

3 kommentarer:

  1. Riktig god bedring! Håper formen er stigende! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Det er rart hvor slått ut man blir, på ett planlagt inngrep... men nå blir det nok snart hverdag og MRSA-jobbing snart

      Slett
    2. MRSA er alltid like festlig ... Jeg driver ikke med å påvise det, men det hender jeg må inn til pasienter hvor man mistenker det, og det er noe pes.

      Slett