søndag 1. september 2019

Tenner...

Forrige fredag hadde eg årskontroll hos tannlegen. Eg har ein snill tannlege, og eg har nesten slutta å grue meg til timane. Eg var så fornøgd etterpå. Null hull! Skryt for tannpuss og tannpirkerbruk. Det var ein god start på helga!

På måndag hadde ein kollega fødseldag, og det var is i pause på jobb. Is! Is som hadde stått framme ei stund, mjuk is. Eg tok ei skei, og mista ein bit av ein jeksel! Skrekk og gru! Prøvde vere diskret, men det kom jo fram at eg hadde øydelagt ei tann, av å ete is!

Det var berre å ringe tannlegen, og eg feira fødselsdag i tannlegestolen... Tannlegen trøsta meg og sa at denne tanna hadde ramla i stykker uansett, det hadde ikkje noko med isen å gjere. Tennene mine er ikkje så skjøre!

Heldigvis gjekk det an å reparere ganske greit, man det vart snakk om krone. På sikt. Eg får starte ein sparekonto: "Krone til tenner" Det er fleire tenner som venter på krone. Det hadde vore artigare å kjøpe seg ein tiara!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar