mandag 9. februar 2015

Skulebussen


Av og til får eg ein assosiasjon, som sett i gang ei minnerekke i hovudet mitt! Denne gongen byrja eg tenkje på skulebussen.
Mine ungar har hatt både barneskule, ungdomsskule og delvis videregåande skule i gangavstand. Men i år er den eine avhengig av buss, og den andre tek ofte buss om morgonen, det sparer litt tid. Av og til klagar dei litt over at det er kjedeleg med buss. Eg høyrer berre så vidt etter. Vekkskjemte bygutar! Bussen går stadig vekk, og det er ikkje lange turen. rett skulebuss er det heller ikkje.

Eg tok skulebuss. Frå første klasse til eg var ferdig med videregåande. Det var ikkje alltid like stas, men det var ikkje så mange alternativ. Til barne- og ungdomsskulen sykla vi når det var sykkeldag, men det var vel ikkje heilt trafikksikkert…der fergebilane kom kvar halvtime. Men dei 3 mila til videregåande sykla eg aldri!

Å ta skulebuss var nesten like spennande som å byrje på skulen,(ja, det heng saman, men er to heilt ulike ting.) Eg grudde meg litt. Når måtte eg gå ut for å ikkje bli for sein, ville eg sjå bussen og greie å stoppe den? Fekk eg sitte, eller måtte eg stå? Og kvar var det ledig? Tenk om det var ved sida av ein stor, skummel femteklassing? (Eg burde forstått at Gunnar bussjåfør visste eg skulle vere med og ville stoppe, sjøl om eg ikkje rekte ut handa. Vi var ikkje så mange som skulle vere med) Bussturen var forresten ikkje så lang, maks ti minutt, men det var noko nytt dette, å ta buss åleine til noko eg aldri hadde gjort før! Gunnar var forresten bussjåfør i alle ni åra eg gjekk på Åfarnes skule, og han starte vel mange år før og heldt på i mange år etterpå.

Bilde lånt frå www.jernbane.net
Dette kan ha vore skulebussen frå grunnskuletida.

Etterkvart vart vi fleire som venta på bussen saman, då var det ikkje så skummelt lenger, og eg hadde vorte vant. Vi hadde busskur også, det var fint når det regna, eller snødde eller bles «skjelle»(som er ei lokal vindtype. Vinden kjem ned Romsdalen, og bles utover fjordarmane. Sur, kald vind som er typisk på vinteren!) Det var iallfall ikkje tvil om at vi trong refleksar der vi sto, det fanns ikkje gatelys enno. Dagens refleksvestar hadde nok vore enno betre! Vi hadde forresten stor glede av å prøve å stoppe rutebussen, som kom med togpassasjerane frå natttoget som kom frå Trondheim og Oslo. Den bussen hadde betre standard enn skulebussen, men vi skulle jo ikkje ta den bussen... Vel, vi kunne kanskje gjort verre rampestrekar! (og no går det vel ikkje nattog lenger? Dagens ungar får altså ikkje den gleda!) Heldigvis var det fine vårmorgonar, med sol og fuglesang og klare haustmorgonar med gnistrande fargar også, ikkje berre regn, snø og vind.

Turen heim att var annsleis. Då var det lave skuldre, høgt lydnivå og kamp om dei beste plassane. Eg var nok av dei stille og forsiktige, så eg satt sjeldan bakerst. Det var tryggast å ha eit ledig sete bak seg også, for elles kunne lua forsvinne... Det var forresten spennande kven ein vart sittande ved sida av også... den aller kjekkste? Den tøffe jenta i sjuande? Ein lærar som tok bussen? Eller ei god venninne som ein kunne kviskre om hemmelege ting med? Men eg slappa ikkje heilt av, for eg måtte jo huske å trekke i stoppsnora i rett tid. For dette var i ei tid då vi aldri hadde høyrt om stoppknapp. Vi drog i snora som hang framover langs vindua Den snora vart nok av og til litt fristande å dra i, også når bussen eigentleg ikkje skulle stoppe... Eg huska iallall å trekke i rett tid, kvar gong, kan ikkje huske at eg gjekk av på feil stad.

Bussturen til videregåande var litt lenger, 3 mil kvar veg. Det gav meg tid til å ete frukost(eg var ein mester i å sove så lenge eg kunne, og frukost utgjekk. Heldigvis har eg ei snill mamma som smurte mat til meg, som eg åt på bussen. Det kan vere at den maten var tenkt som lusnj, men den tid, den sorg) Eg las ofte ein siste gong gjennom leksa, repeterte til prøver. Og ikkje minst funderte eg over livet, diskuterte livet generelt og kjærleik spesielt med Astrid, min faste busskamerat. Men eg kan ikkje huske at eg sov på bussen, det ville eg heilt klart ha gjort no! Bussjåføren var den same i tre år, han kunne vegen og tok ikkje unødige pauser. Og hadde vi fritimar, var det ikkje berre å stikke heim. Bussen gjekk på ei tid om morgonen og heim til fast tid på ettermiddag. Det var naturlegvis lurt å gjere lekser på biblioteket... men eg er ikkje sikker på om eg alltid brukte tida til det! Elles er det jo artig å sjå ut på utsikta, som er vakker i Romsdalen, samtidig som ein tjuvlytta til andre sine samtaler...

Buss er ein praktisk måte å flytte skuleungar på. Ingen vart køyrt til skulen den gongen. Eg veit ikkje korleis det er no, på den skulen, men i byen er det vanleg å køyre ungane, sjølv når det er gåavstand. Det er dumt, for det blir meir trafikkfarleg for dei som faktisk går. (Ok, då eg gjekk på videregåande og hadde tatt «lappen» hendte det at eg fekk låne bil, men det var ikkje vanen! Men då var det ikkje aktuelt å gå lell...)

Eg kan ikkje huske at nokon vart bussjuke? Men nokon måtte det vel vere som syns det var ubehageleg med buss, svingar og smale vegar? Kanskje dei berre sette seg fremst i bussen?

Når eg skriv dette, kjenner eg meg omtrent 100 år gamal... Men det er berre 40 år sidan eg var på innskriving på skulen, fekk skrivebok og raud-og-blå-blyant av Jorunn og kjente på lukta av kritt på den ganske nye skulen. Lukta av bussen huskar eg ikkje. Kanskje den lukta våte vottar og salami? Skulebussen var iallfall ein viktig del av kvardagen i 12 år!


2 kommentarer:

  1. Artige minner..
    Har nokre liknande.. men vi tok drosje frå dalen og ned til bygda der skulen låg (nedlagt) dei fyrste 6 åra..dei tre åra på ungdomsskulen vart det fyrst drosje og så buss.. hugsar at eg hadde nokre år at eg var så nervøs for å ikkje rekke drosja at eg var låk i magen.. vi måtte gå ca.200m frå heimen min til vegen der drosja gjekk i frå.. rart kva eit slikt innlegg får tankane til å vandre..

    Ha fin kveld! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det vi gjorde og opplevde i barndommen sitt inni oss, også når vi ikkje tenkjer på det til dagleg! Eg kjenner igjen den låke magen…frykt for ikkje å rekke, gløyme etc

      Slett