Eg strikkar. I ull. Strikkinga vart lagt vekk før sommaren. No har eg tatt den fram igjen. Eg nærmar det nervepirrande øyeblikket, eg skal klippe opp... skal berre strikke ferdig stolpane. Spørsmålet er: blir eg ferdig før frostnettene? Får eg ei varm jakke å ta på meg?
Eg har og lurt litt på kvifor eg starta på eit så stort prosjekt, på så tynne pinnar. Eg har ikkje svaret. Eg kjem til å gjere det samme igjen.
.
(Vi kan også stille spørsmålet: tørr eg nokon gong klippe?! Tenk om eg gjer feil...
Men eg må det, for eg har meir garn, gult, som skal bli genser. Eg må bli ferdig med kofta, slik at eg får frigjort strikkepinnane. Eg har bestemt at det ikkje er lov å kjøpe nye strikkepinner i storleik 3,5)
jeg hadde ikke hatt nerver til det! hahaha!
SvarSlett