I varmen inne hos meg står det brød i omnen og på benken hevar aniskringler. Håpar at aniskringlene skal vare heilt til jul....eg får fryse dei og merke dei "restemat" :)
Tekos og peparkaker |
Og når alle mummi-koppane vart sett i kjellaren, fekk eg plass til julekoppane i skapet. |
Eg hadde ein tanke om eit innlegg kvar dag i desember, men når ein er "kulturkjerring" som meg, er det hardt å rekke alt ein vil! På søndag var vi på konsert med eit kor der vi kjenner mange, og igår var det "Unge musikere" der junior er med. Vips, så har dagen gått!
(Og slik heilt mal apropos, eg har vore på mange musikkskulekonsertar i mi tid, både som pianospelande jente, som øvde på å neie etter framført nummer, og som mor. Eg har høyrt masse fin musikk, rørande framføringar, nervøse små og tøffe typer som plutseleg kjem heilt ut av det. Eg har høyrt urytmisk trommer og pipande klarinett, eg har fulgt enkelte i fleire år, og høyrt framgangen. Eg har vore gjennom mange rundar med øving i heimen, masing om øving, vakker øving og slitsom terping. Eg har høyrt og sett musikkglede, og høyrt frustrerte utbrot over umogelege lekser. Eg vil seie det har gitt gevinst, konserten i går var så bra! Det er så mange flinke ungdommar som brukar utruleg mykje tid på hobbyen, og det dei håpar og drøymer om skal bli ein jobb. Eg heiar alt eg kan!)
Eg kjem nok ikkje til å ha like tett mellom konsertane resten av desember |
Jazzkvartett |
Dagens dikt er eit håpedikt til deg. Der du er, med lange lister av alt som skal til, mørketid og korte fristar.
HÅP
Når alle ord tier
og tennene fryser ihop
du synes du har skår av
knust glass i munnen,
da
står plutselig
et tre i døra
og hvisker grønt
med snø i baret.
Hans Børli
Eg treng iallfall litt håp no. Det er mørkt, det er regn, det er ikkje jul enno, eg er litt sliten av indre og ytre forventingar. Noko å sjå fram mot er fint!
Grønt i skogen, med snø i baret |
Grønt på vatnet, med lys i baret |
Adventstid..
SvarSlettden fyk visst avgarde og eg rekk knappast puste..
godt at du kan nyte innimellom!!
Adventsklem
Eg må ha tid til å slappe av, det er så mykje at ein kunne sprunge heile dagen... Men jul blir det, uansett. Kveldsklem til deg!
SlettVet du hva.... jeg drømmer om en tur med deg i skogen, jeg. Mon tro om vi kan få til det i 2017? Alt godt til deg, og jeg frydes sånn av å ha deg på snap!
SvarSlettAvtale, Anja! Jeg har veldig lyst å gå tur med deg, og tror det vil bli en tur med både alvor og latter 😀 satser på at jeg skal en tur eller flere til østlandet i 2017.
Slett