fredag 17. oktober 2014

Du veit du er gift med ein jeger når

det er lettvint å bruke elgkjøt til middag!
Onsdag kom kjøtet i hus, og ytrefileten av ein kalv fekk æra av å bli fredagsmiddag! Yngstemann hadde lenge ønska seg biffmiddag, eldstemann greidde teoriprøva for bil på første forsøk idag og idag var dagen for å nyte.

Eg skar opp potet i båtar, gulrot, sellerirot, persillerot og kvitbeter i stavar, slo over litt olje og sette i omnen. Så laga eg pepparsaus, oppskrifta fann eg her. Mannen stekte biff og eg fann tyttebærsyltetøy i frysaren. Yummi!!!


Og til glede for evt nye lesarar som ikkje følgjer meg verken på instagram, Facebook eller Twitter, fredag er dagen for litt latter. Ein får ikkje meir artig enn ein lagar sjøl!
Og horna kjem frå ein hjort, slik for ordens skuld.

3 kommentarer:

  1. hehe... fin med horn! hehe.. Takk for masse fine middagstips gjennom uka som gikk! Her blir det nok også vilt på menyen utover høsten for nå har jegerne i huset her også fått to dyr. I fjor fikk de ingen så i år var det kjærkomment for fryseren sin del. Nå jaktes det rådyr her, så det blir nok ingen stor biff på oss, men grytekjøtt er veldig deilig:) Ha en flott helg!

    SvarSlett
  2. Hahaha, du och jag! ;-) Det er så sant, elg i fryseren er gull verdt, den lørdagsmiddagen vår kommer jeg til å drømme om i evigheter! :) Og mulighetene med elg er jo enorme..! Vi er heldige som har jegere i hus :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Du och jag! Hade heilt gløymt at du har eit liknande blide! Risikerer vel anklage for plagiat… Elg er ein kjemperessurs, brukar det til det meste. Kortreist og økologisk og ingen fare for medisinrestar i kjøtet!

      Slett