mandag 29. desember 2014

Juleselskap

Idag har vi hatt juleselskap! Verken eg eller mannen kjem frå Trondheim, men etterkvart har ein del av min familie slått seg til her, og det er kjekt! Lillesøster med familie bur her, og flerie vaksne nieser og  nevøar. Og når storesøster og mann kom for å besøke barn og barnebarn, fann vi ut at vi skulle treffes til o-store-julefamilie-selskap! Det er vel første gongen i Trondheim, og med stort og smått vart vi 16 stykker. Det blir ganske tett i vår stove, for alle vil vere saman, og ute regna det!
Men med hjarterom og husrom går det.
Godt juletreet står i ro i ein krok.
Men litt synd vi har det for trengt til å gå rundt det!

Nokre glimt fra selskapet

  • det er kjekt å servere masse heimelaga pålegg, både sylte, rull, sild og leverpostei! Særleg når det fell slik i smak. Før neste jul skal eg og lillesøster ha juleverkstad og lage rull og sylte saman. (Eg kjenner meg jo som skikkeleg hsmor når eg i tillegg hadde berre heimebakt brød!)
  • storesøster var raus med lefser, og det kan vi like, vi som ikkje er særleg stø med kjevlet. (Og ho hadde med sirupssnippar og havrekjeks også, også krevande for oss som ikkje likar å kjevle)
  • ei lita niese hadde vannkoppar, og då blir tempoet deretter, men det var mange gode fang å krype opp i.
  • vi spela spel! Det får fram konkurranseinstinktet i dei mest fredsæle av oss….
  • det var julemusikk på piano, litt tilløp til sang, og eit lite band med piano, gitar og kontrabass. Junior som fekk ny gitar til jul, viste fram litt av sine kunster.
  • Multekrem og Dronning Maud-fromasj og Delfiakake gjorde at ingen sto i fare for å gå frå bordet med sult i magen! (og i tillegg var det både tynnbakels og diverse småkaker! No er eg heilt tom for berlinerkransar og kranskakestenger, så då slepp eg tenkje meir på dei)
  • Når dagen er over, er den over for den som er fire år og sliten etter julefeiring i dagesvis! Det hadde jo vore fristenade for fleire å berre gje opp gode manerer og tålmod, men vi bit det i oss…
  • Midt i selskapet ringte mamma, ho brukar det, for å høyre stemninga og bråket. Ho skulle nok gjerne vore med!
  • Eg har fått blomster, det er så fint med nokre friske roser på bordet!
  • Leikekassa vår må fram, med litt lego, gamle bøker, kosedyr og andre småting. Ei god bok kan ikkje lesast for ofte, og veska i raud skai som eg fekk til jul som treåring er like populær idag.
  • Det er kanskje ikkje den beste arenaen for dei djupe samtalene, men litt rekk ein innom. Oppdatering på jula så langt, eit sveip innom planlegging av pappa sin 85-årsdag i januar, vitsing og latter, eit lesetips på bøker og sukking over at snøen er i ferd med å regne vekk.
Og etterpå, når selskapet er over og oppvaskmaskina jobbar på høggir og eg sig ned i sofaen, er det med varmt hjarte eg gler meg over dagen og familien eg er så heldig å ha! Vi har gjerne eit slikt selskap ein annan gong også. 
Korleis har det seg at det alltid er ein del ting som manglar fast plass? Særleg i jula…
Kjøkkenbenken før festen...

Spisebordet er klart for innrykk!

Kakebordet
Ingen huska å ta bilete av lunsjbordet...



1 kommentar: