tirsdag 16. desember 2014

Ein dag med dobbelheit

I går ettermiddag byrja det snø, og i natt vart det kaldt. Snakk om vinteridyll idag tidleg!
Snøen låg tungt på alle trær, himmelen var heilt klar. Utsikta frå kontoret var som eit julekort! Det passa perfekt å nynne på "Winter wonderland", fundere på kvar vottane er, om eg fortener nye vinterstøvlettar, lese værmeldinga for å sjå om dette kan halde heilt til jul. Eg som ikkje er så glad i vinter og kulde, kjenner at dette fortener eg/vi, som nesten ikkje hadde snø ifjor. Merkeleg ting å fortene, når det vi eigentleg fortener er smekk på fingrane for å vere medskuldig i klimaforandringane. (Og eg bekymrar meg over junior med nytt førarkort, som gjerne vil kjøre mest mogeleg, og som må få lov til det, medan mamma´n sitt inne og bit naglar)

Winter wonderland med Ella, frå YouTube

Dette er den same dagen som nokon fann ut at dei skulle gå inn på ein skule i Pakistan, og angripe uskuldige barn! Der talet på drepne har vorte ufatteleg høgt utover dagen. Eg har fulgt med på radio og nettaviser, ikkje i stand til å ta det innover meg. Eg lever i mi verd, langt unna. Men det blir ikkje så viktig om eg manglar fleire slag for å kome til 7 ti jul, eller om eg er sein med julebrevet. Det viktige er at eg har mine barn, friske, raske og i live. Og tanken går til kva ein kan gjere, for å hjelpe.

"Julekort", hekk i lampelys
Samtidig har dagen dobbel botn, eg fortsett med mine julesysler. Syltaflesket og rullen er kokt og lagt i press, horn og brød er baka. Men bak i hovudet mitt ligg tanken på alle mødre som har mista eit barn idag.
16.desember, 8 dagar til jul, og verda er urettferdig!


1 kommentar:

  1. Det har du jammen i meg rett i. Det er ikke alltid slik at de gode vinner.

    SvarSlett