Eg har brukt timesvis på sosiale medier, eg har lese masse bøker(nokon gode, og nokre riktig lettleste, litt rosa bøker) Eg skal skrive litt meir om bøkene eg har lese ein annan dag, iallfall dei gode bøkene. Eg har gått tur, i større og større sirklar i nabolaget.
Slik såg arret ut rett etter operasjonen. 11 metallstiftar heldt det saman. |
Denne veka har eg vore på kontroll og alt ser bra ut. Fysioterapeuten på sjukehuset var fornøgd med framgangen, hadde berre enkelte kommentarar til korleis eg skal gjere øvingane mine. Eg får lov til å gå lengre turar, eg kan gå fortare enn eg kunne rett etter operasjon. (For ikkje å snakke om at eg har fått sjå at skogen har vorte grøn medan eg har vorte friskare)
Samtidig kjenner eg at alt ikkje er på plass, eg blir fort sliten i ryggmusklane, eg slit med å sitte lenge, eg har mykje trening igjen. Eg har ansvaret sjølv(iallfall nesten)og må lære meg å leve med ryggen min og kva den treng. Det blir innimellom ein vanskeleg balansegang. Idag har eg gjort for mykje, det straffar seg no i kveld... Eg må legge ei plan for å komme tilbake på jobb, eg treng plass til ein madrass på kontoret og har plutseleg veldig lyst på eit kontor utan glassvegg...
Slik ser ryggen ut no. Og ser du godt etter, ser du eit arr under, det er frå 2004, og det til venstre er frå 2006... |
Rett etter operasjon, bleik, men nokså fatta. |
På skogtur i går! Det går framover :) |
Og for spesielt interreserte; her er ein video av ein operasjon: (det er blod og skalpellar, eg har ikkje klart å sjå heile...)
Og er du som meg, er dette litt meir greit å sjå på:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar