torsdag 19. mai 2016

Vekestart veke 20

Desse vekene med fridagar i starten og slutten og onsdagar som er måndag i hovudet etc, det blir rot!
Vi har iallfall hatt pinse, det vart rolege dagar, sakte frukost, innimellom felles middag, dårleg søvn medan eg venta på at juniorane skulle kome heim, trivelege treff med folk på kveldstid og litt tur i skogen.
Eldste junior har avslutta folkehøgskuleåret, og er vel heime. Vi finn nok ei felles rytme igjen etterkvart, akkurat no er vi litt i usync med døgnrytme og behov for informasjon.
Det har vore 17.mai, kaldt og perfekt bunadsvær. Det var tog og flagg og kake og grilling. Litt for mykje for ryggen, men eg trur det var verdt det!

Igår var det kvardag igjen. Eg kom meg ut i skogen og forstår godt kvar alle nasjonalsangane handlar om. Det er så fint no. Lysegrønt og frodig og det endrar seg kvar dag. Eg gjekk og stoppa om kvarandre, og sang (inni meg) Fagert er landet :)




Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud;
soleis di åsyn lyser, Gud,
over vårt Noreg i nåde.

Anders Hovden

Og no skal eg på kontroll av ryggen, eg er litt spent!
Ha ein fin dag!

1 kommentar:

  1. Jeg er så glad for at det gikk bra, nå er det bare å fortsette forsiktig trening så er du straks tilbake for full maskin!

    SvarSlett