onsdag 11. november 2015

Å sjå detaljar...

Jaja, tida går og synet blir ikkje betre med tida! (det var vel å håpe på for mykje)
Eg huskar då eg byrja med briller, ca 13 år gamal. Plutseleg var det vindu på husa på andre sida av fjorden og trea hadde blad og var ikkje berre ein grønn masse. Det var stor stas!
Men alt blir ein vane, og no syns eg det er heilt normalt å sjå godt på langt hald.
Det er ikkje like stor stas når det alltid er for mørkt når ein skal lese, bokstavane er for små i alle samanhengar og brillene ikkje virkar. . Skal ikkje briller vare evig, det står ikkje noko dato for "best før" på dei!? For ikkje å snakke om dei artige vitsane eg har latt falle over andre som har klaga på synet. Dei har byrja slå tilbake.
Eg har slutta å lese avisa om morgonene, eg les berre overskriftene i avisa om morgonen. Slikt sparar ein jo verdifulle minutt, men det er kjedeleg! Så etter ei stund med lesebrillene i bruk meir og meir, lett snublande i korridorane på jobb fordi eg ikkje orkar skifte til dei vanlege brillene og alltid med mest mogeleg lys på, gjekk eg til optikaren.
Optikaren mumla vel noko om at eg kunne hatt glede av å kome før, og var enig i at eg kunne trenge nye glass. Så byrjar det spennande valget av ny innfatning. Men sidan eg lever i tida og av og til er svært effektiv, gjekk det fort! Det gjeld å gå for magekjensla og å tørre vere litt modig. Litt svett etterpå, når eg ikkje huska heilt korleis den såg ut...men angrar ikkje!
No har eg fått oppdaterte briller. Eg snublar framleis i korridorane...og er svært forsiktig i trappa, for det progressive feltet kan gjere den mest avbalanserte aggresiv medan ein lærer seg å bruke det! Eg snur sakte på hovudet, for elles seglar ting rundt meg. Og det tek litt tid å venne seg på den nye justeringa for skeive hornhinner, så eg bommar på dørhandtak og slikt. Snakkar av erfaring...
Men snart er eg vant til det, og ser godt både fjernt og nært!

 
Førbilde

Etterbilde

Eg ser betre! Eg kan lese sjølv den minste skrift på krydderglas og brev som kjem, eg les avisa til frukosten! Luksus!
Og no skal eg berre tenkje meg grundig om og kanskje bestille ein frisørtime også...

6 kommentarer:

  1. GRATULERE!
    VAR ORDENTLEG RART DEI FYRSTE DAGANE MED PROGRESIVE BRILLER. MEN AUGENE ER "RARE", SNART ER DU VAN MED DET.
    TENK STRAKS MIDTEN AV NOVEMBER!!

    SvarSlett
    Svar
    1. November er rar! Snart er det jul og her er plenene grønne...
      Reknar med eg venner meg på dei progressive snart, men jammen uvant!

      Slett
  2. Jeg driver og tester ut progressive linser på meg selv, foreløpig har det bare vært sånn passe suksess. På tross av min høye (!?) alder, ser jeg fortsatt for godt på nært hold, så da gidder jeg ikke å bruke linsene flere dager i strekk så jeg rekker å venne meg til dem. Det er nok bare å vente til jeg ikke ser noe på nært hold lenger...

    Fine briller! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Alder er bare eit tal! Heldig du som ser godt på nært hald, utruleg upraktisk når det ikkje går. Eg driv med mykje pirk på jobb, og no gjekk det ikkje lenger. Linser har eg prøvd ein gong, og det ga eg opp. Sikkert praktisk av og til, mn det er litt artig med briller og :)

      Slett
  3. Misunner deg krøllene, og brillene ble riktig så fine! Deilig å kunne lese alt hele tiden, til lykke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk. Det artige med krølla er at alle ønskar seg krølla, untatt den som har😊eller no er eg forsone med dei, men som barn...lei!

      Slett