fredag 9. oktober 2015

Bryllupsdag

22 år saman med mannen! Snart halve livet. Ikkje verst! Vi er glade det er slik. Det er jo ikkje sjølvsagt at det er slik. Mykje kan skje på 22 år. Alle dagar er ikkje solskinn. Det er litt av alt! Som livet elles.

Heilt ferske ektefolk

Men ein ting vi ikkje tenkte på då vi bestemte oss for bryllupsdato, var elgjakta... Det er alltid elgjakt på bryllupsdagen vår, hehe! Så vi gjekk ut og åt middag og feira i går, slik at mannen kunne reise på jakt idag. Mannen fekk gåve av meg i dag tidleg, og eg fekk rose av han før han reiste. Vi var sånn passe romantiske og litt klissete, slik at 17åringen sukka litt.


Saman med gåva idag, fekk mannen eit dikt, som eg syns beskriv ekteskapet godt!

Ekteskap

Ekteskap er to om alt,
to om bankbok, sukker, salt,
oppvaskbenk og lengt og håp,
fjernsynsskjerm og kjøleskåp,
godlynt drøs, og dumme tretter,
varme bein i kalde netter,
to om siger, to om tap,
Først og fremst er ekteskapet
ein å dela natt og dag med
og ein venn å le i lag med.

Ingvar Moe

6 kommentarer:

  1. Gratulerer med 22 år, det er jammen meg sterkt!

    Hehe.. må le litt når du nevner elgjakta, det var vel ikke elg til middag?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Ikkje elg til middag, men det var ikkje langt unna at det vart det☺

      Slett
  2. Gratulerer så mykje med Bryllupsdagen!
    Vi hadde 28års Bryllupsdag 8 . august.
    Flott dikt som beskriv eit samliv godt!

    God helg og elgjakt ;-)

    SvarSlett
  3. 22 år i godt selskap er bra! ;-) Lykke til med de neste 22 åra - jeg synes det er utrolig godt å ha kommet dit både dere og vi er. :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Vi er glade for ånda kommet hit, og går for mange flere år☺

      Slett