tirsdag 9. juni 2015

Knas-knas

Litt "geriljablogging" idag. Små snuttar frå kvardagen.
Avdeling Holt håpa eg skulle finne meir å glede meg over, og det fann eg på tur! 


Det er frodig i skogen, sjølv om det er kaldt! Grønne skot på trea, blomster, gras…over alt er det frisk og grønt!
Det er avslutningstid for skular, og det yrer av ungar i marka der eg brukar gå tur. (Det er jo kjekt, sjølv om eg likar å gå for meg sjølv.) Dei hadde nok plukka løvetann, for det låg løvetenner overalt på stien. Eg trakka på ein stilk, og kva skjer? 
Jo, ein deilig knaselyd!! Den lyden var så fin at eg rett og slett gjekk og leita etter løvetannstilkar å  trakke på :) 
Barnsleg, enkel glede!
Knas!!! 

4 kommentarer:

  1. Se der, ja!!! Moro! Jeg ble kontaktet av en journalist, så jeg har også en annerledes dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så artig! Anneredes dager kan være kjedelig, eller gull!!

      Slett
  2. Å nå er det deilig ute i marka! Jeg trives også best alene der. Hos oss er det veldig mange som trener. Og jeg er jo en av de jeg og. Men hadde vært deilig å være den eneste av og til ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er den fineste tida nå, og må finne oss i å dele ?! Her er det slik at eg skal ikkje så langt inn i skogen før eg har den for meg sjølv, det er blir litt konkurranse med meg sjølv å kome fort opp dei første bratte bakkane og så er eg stort sett åleine :)

      Slett