Før, i gamle dagar, då eg var yngre,
mindre erfaren i verda, ung, kunnskapslaus/evt skråskikker, meinte
eg mangt om mykje.
Eg var skråsikker til det plagsamme om
mangt og mykje. Eg kjem frå ein tradisjon med sterke og klare
meiningar. Det var ikkje den ting eg ikkje kunne meine noko om! Eg
rødmar nesten når eg tenkjer tilbake på diskusjonar på feks
videregåande...
Men dette kan eg vere einig i! #tekoppen |
No er eg meir usikker på kva eg meiner
om ting. Gje meg eit etisk dilemma og eg skal klare å finne minst
tre ulike vinklar å sjå det frå og fundere frå, og det skal hard
tvang til å få meg til å seie klart kva eg meiner, om eg i det
heile tatt veit kva eg meiner. Kva er det som skjer?
Har eg vorte for mild, konfliktsky,
livserfaren? Kjenner eg for mange som det eg før meinte noko
skråsikkert om, vil bli ramma av? Er eg for påvirka av verda rundt?
Har eg mista evna til å bestemme meg? Er eg for rund i kantane?
Blautfisk?
Eller er det rett og slett
livserfaring, emapti og vidsyn? Er det farleg å ikkje vite kva ein
meiner? Tja, av og til er det iallfall problematisk. På plussida
skaper det dialog, undring og kanskje ein større horisont.
Neimen om eg veit. Det er vel det som
er problemet. Og slik går dagane…
(Slike ting tenkjer eg på her frå
sofaen, i selskap med halslinser og bøker og radio. Det spørs forresten om tenåringane syns eg har vanskeleg for å meine noko, eg meiner ein heil masse om innetider, søvn og kosthald, men det er ikkje slikt eg funderer på. Det er ting som involverer etikk, moral, livssyn, livsførsel og slikt eg tenkjer på. Det er alltids ei hake ved ting…)
Og veit du alltid kva du meiner?
Viktig refleksjon!
SvarSlettDet kan innimellom vere tøft å stå for noko.
God bedring og god helg!
Viktig refleksjon!
SvarSlettDet kan innimellom vere tøft å stå for noko.
God bedring og god helg!
Takk! Eg har med vilje ikkje sett ord på noko dilemma, det er mange å velge i for tida, det er berre å lese aviser, høyre radio, snakke med folk… Alle har vel sine!
SlettGod helg!