søndag 9. november 2014

Vekestart veke 46

Søndag kveld, i bakhodet raslar tanken om kva dikt eg skal velge idag…
Det er farsdag, og ein kan meine mykje om den. Oppfunnen av handelsstanden og kommersiell som berre det! Men samtidig ein dag til å gjere stas på den flotte mannen som er pappa til ungane mine, og ein dag vi kan gjere litt ekstra ut av. Ein dag til å sette ord på at eg sett pris på han, den han er og det han gjer. Det var ikkje slips og strømper, men to bøker han ønska seg.
Det var sakte frukost med varme rundstykker og eggerøre. Han ønska seg lammefrikasse til middag, og med oppskrift fekk eg til det. Eg hadde lettsindig nok sagt ja til å lage sitronfromasj, det var ikkje snargjort, men resultatet vart så bra at den gjekk rett inn på lista over dessertar vi skal ha i jula(vi har så mange dessertfavorittar at jula er i kortaste laget for oss… Det kunne vere eit alternativ å ha dessert oftare enn til jul kanskje?)
Og eg kandiserte sitronskal til pynt, meir dillete enn godt!

Eg fekk gå lang tur i skogen! Det er så godt! Det såg skikkeleg grått ut og det var litt surt, men når eg først var ute var det godt. Det finns meir dårlege klær enn dårleg vær!
Så fint kan det vere i marka ein sur, våt haustdag


Men tilbake til farsdagen, eg fann eit fint dikt idag som seier litt om ein barn forhald til ein trygg far. Diktet beskriv noko eg kan kjenne meg igjen i! Eg var heldig, eg hadde ein trygg barndom. Eg kunne kvile i at nokon passa på meg. I bilen var det mørke ute, og trygt inne saman. Ingenting kunne skje med pappa bak rattet og mamma som passa på.

Den stille tryggheten

Husker du det?

Når du lå i baksetet

seint, seint om kvelden

og det var fortsatt lang vei hjem

og far hadde nynnet litt

og mor sa hysj jeg tror han sover

- men du sov ikke

du lå og hørte

på den stille tryggheten

med klikkene

klikkene som fortalte om

full kontroll

når far skrudde fjernlyset av og på

en hemmelig kode som han kunne

slik at ingenting kunne gå galt

Hvem av dere kan gi meg den

den stille tryggheten


hysj bare sov du

klikk klikk, ingenting kan gå galt

bare sov.

av Henrik Mestad

God veke til deg!!!

5 kommentarer:

  1. Vakkert dikt, kor eg òg kan kjenna meg litt att. Det gjer godt å lesa eit dikt og bli minna på gode dagar som var.
    Ønskjer deg ein fin start på ny veke.
    Siri

    SvarSlett
  2. Så fint eit dikt!
    Vart ikkje så mykje stas på mannen i huset i dag.
    Men i felleskap hadde vi laga kake og eg hadde kjøpt blomster til gode svigerfar på 85år. Så difor drog vi nokre mil og tok ferge for å besøke svigerforeldra mine.
    Mannen i huset får eg heller gjere litt stas på seinare i veka.

    Fin ny novemberveke :-)

    SvarSlett
  3. For et nydelig dikt. Det kjente jeg meg veldig igjen i.. Tror det må opp på veggen. Takk for at du delte;)

    SvarSlett
  4. Tusen takk, så fint dikt!! Det gav ettertanke... Det er ikke en selvfølge å ha en mamma og en pappa som gir trygghet.. Jeg kjenner to små som vet mye om dette. Tusen takk for refleksjon på en mandag morgen. Ha en flott uke!
    Jeg har forresten redigert en del ting og er tilbake på den opprinnelige bloggen min:) Håper du stikker innom:)

    SvarSlett
  5. Jeg husker sånne bilturer. Gode minner. Kanskje barnet mitt har det sånn i dag?
    Nydelig dikt!

    SvarSlett