Eg har hatt fri idag, litt med tanke på at eg får besøk og litt fordi eg er sliten og treng åleinetid. Altså kunne eg vaske...
Men fridagar er så vanskelege, eg blir delt i kva eg vil. Sove lenge fordi eg endeleg har tid til det, eller stå opp til vanleg tid og nyte sakte frukost med radio, avis, levande lys? Rusle rundt i pysjamas lenge og avslutte frukosten med ein klementin? Gjere masse fornufige ting eller bruke dagen til noko lystbetont og ufornuftig?(ok, det treng ikkje vere motsetning mellom desse!)
Det vart ein kombinasjon idag. Eg sto opp til nesten vanleg tid, fyra i omnen og åt frukost. Så bretta eg masse klær medan eg framleis satt framfor omnen og høyrte radio. Etterpå gjekk eg tur i marka. OH glede!
På veg til sola! |
Smultronstëllet er no islagt, men eg testa ikkje isen. |
Eit melisdryss med snø over tytebærlyngen |
Eg meiner, dette måtte då vere det luraste å gjere idag? Det viste seg at husarbeidet venta på meg til eg kom tilbake, og hadde vore hos fysioterapeuten, og vore på kafe og gjort enkelte småærend. No er det mørkt ute, og eg ville ikkje gått tur no! Det meste gjort av husarbeid kan gjerast inne sjølv om det er mørkt ute, eg har tid til å blogge litt, og eg trur ikkje eg kjem så verst ut av det på husmorpoengskalaen!
Så no må gjestane berre kome!
Eg heier på dine prioriteringar! Det er ingen som kjem og tek husarbeidet frå oss, og gjestene vil sikkert ha meste glede av ei opplagd vertinne ;)
SvarSlettØnskjer deg god helg! ;)
Siri
Husarbeidet var tgjort etterpå, det venta på meg ;) Helga vart super, og no er det kvardag igjen
SlettÅh for en herlig dag!! Jeg savner virkelig å gå tur over frosne marker.. jeg har blitt så inaktiv.. etter en periode med masse oppussing og hvor enhver tid har blitt brukt til å støvsuge sagflis og bære plank så har tur blitt nedprioritert... men jeg skal ta meg selv i nakken. Jeg nedprioriterte alt husarbeid i går og brukte dagen til å pakke adventspakker til barna.. det var også koselig:) Ha ei flott helg!
SvarSlettFrosne marker og natur ligger der, man må bare komme seg ut. Dørstokkmila er ikke så enkel. Og oppussing spiser krefter og overskudd. Håper du finner en luke til tur og egentid.
SlettHusarbeid er ikke høyt prioritert denne helga, og jeg antar det venter trofast der jeg forlot det når jeg har fått unnagjort det andre jeg må gjøre innen en viss frist.
SvarSlettEr svært misunnelig på melisdrysset!
Melisdrysset er borte igjen, mildvær venter… Og regner med du finner igjen husarbeidet?
SlettViktig å prioritere! Og prioritere rett :-)
SvarSlettVonar helga du har vore fin!
God ny veke!
Helga vart god, og eg er nesten klar for ny veke. Å prioritere er vanskeleg, men eg gjorde rett denne gongen!
Slett