mandag 3. november 2014

Tradisjonar, vekestart veke 45

Tradisjonar kan vere seige ritualer som ein gjennomfører på trass, eller gledefyllte hendingar som ein med glede utfører.
Denne helga har det vore rin tradisjon vi gjerne held ved like som har gått av stabelen!  Vi har hatt det tradisjonsrike Tucasjubileet, i år 23 år. Tucas er(evt var) ein mannsoktett mannen og gode vener stifta på tidleg 90tal. Dei syng ikkje så mykje lenger, og syng dei, er det gjerne gamle svisker både dei og vi damene i publikum kan godt! Det er noko med å treffe igjen dei ein har kjent i mange år, det er tid for selskap, mimring, latter og gode, delvis sanne historier :) Å ha vener ein har delt så mykje med, gjnnom så mange år, er ein rikdom som ikkje kan målast i pengar!
Og det er stor stas å sjå at juniorane startar bygge den same typen tradisjon med sine vener!  Dei feirar bursdagar saman, lagar selskap og sett pris på kvarandre.

Iår hadde vi byvandring i Trondhem på formiddagen, og kor ofte er ein turist i eigen by? Eg fann iallfall stader eg aldri har sett før… På kvelden var det middag, pynta folk og kvite dukar. God mat og drikke, høg stemning. Og diktlesing! Gjerne noko ein har høyrt før, som "Kallen og katten" av Jakob Sande. Den er ein klassikar! Men også det eg no skal dele, som var meir ukjent for meg. Diktet er ganske langt, men ta deg tid til å lese heile og kjenn på gleda til smågutane og lukta av grilla fisk!




LEGENDE
Moses opplyfte sin lange stav 

og skilde Det raude hav.

Frå strand til strand sto ei vasskanal

romsleg som Jordans dal.

Og Moses ropte, fylg på, fylg på!

Farao kjem, og Gud hjelpe oss då

om ikkje vi alle er langt her ifrå

på veg mot det lova landet.

Og taktfast til tonar av horn og lur

skreid flokk på flokk til havs etter tur

rettleide av prestestandet.

Kamelane vogga i vyrdeleg gang

men gleid opp-på sleipe manneter og tang

og skreik so dei skræmde smalen.

Hokrande på sine lange bein

smatt krabben i ly under tarestein,

og hummaren slo med halen


Men inn for den vassblanke, håle mur

stod fisken som attom eit speglglasbur

og bisna på denne skreia.

Storkveita låg der i kongeleg ro

men flyndra var sakte meir nyfiken, ho,

og våga seg heilt fram i leia.

Det glimta i buken på steinbit og ål,

og hysemor storma so vyrdlaust mot mål

at knapt ho fekk snu seg før ho landa.

Seien kom sendande, smellfeit og gild

og jaga fram stimar av fin kokesild

som mest kunne takast med handa.


Men då kom det liv i smågutane der!
Reint styrlause vart dei, som rimeleg er,
og uråd å halda i age.

Dei skrik: Onkel Moses, ver nådig no,
stans opp, og gjev katten i Farao,
han får nok ein ny landplage!
Og Moses, forstandig og barnekjær,
fann ut det var likast å fire her,
og dermed lyfte han luren.
Eit jubelrop helsa det klåre signal,
og smågutane var i tusental
slo inn i den våte muren.
Vassdrivet sto som ein fossesprut
kvar gong dei ein lyr eller sei drog ut
og inn på det turre hala.

Men han som fyrst kloa i storkveita slo,
laut påkalla hjelp både ein gong og to
før trygt ho i tanga sprala.
So dunga då fisken seg litt etter litt,
ja, jamvel dei minste var frampå med sitt,
som bladsild og småmakrelar.
Og då dei så trøytna og gav seg med kvart,
då synte det seg at det samanlagt vart
ei føring på fem pakk-kamelar.

Det vart vel ein kveld i Arabialand
med steinmura gruer på skjelkvit sand,
og fresing i steikepanna.
Kvar einskild fekk eta seg stappande mett
og sutalaust velje si eiga rett,
og etterpå vanka det manna.
Men tett under land steig det boblar opp,
der Farao låg, den forvorpne kropp,
med hestar og generalar.
Og difor skal Herren skje takk og pris
som fører sitt folk på forunderleg vis
til song i Judea dakar!

Jakob Sande


God veke til deg! 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar