tirsdag 13. mai 2014

Når mor er pinleg!

Korleis går det eigentleg med utelivet? Altså eit anna uteliv enn når eg steller kjøkkenhage og kompostbinge. Hadde ikkje eg uttalte planer om minst eit kulturarrangement i månaden? (Du kan lese meir om dette her Kulturåret og utelivsdama , som er ei veldig misvisande overskrift, men som har gitt frykteleg mange besøk på bloggen!)

Vel… det er rart med det, enkelte ting glipp litt… Mars gjekk i ei fart utan at eg fekk fyllt på kulturkontoen. Men med eit nødskrik rakk eg det i april, eg vart invitert på konsert med koret ei venninne syng i. Det var riktig bra! Og kombinert med ut å gå ut og ete saman med finfine damer etterpå, var det jo veldig godt for både kropp og sinn!

I mai har eg allereie(allereie?! vi er snart halvvegs) vore på ein konsert, men det var vel knappast mi forteneste… Mannen bestilte billettar til seg og tenåringane på konsert med det eg forstår er ei gitarlegende av dei sjeldne. Denne gitarlegenda skulle kome på Jazzfesten i Trondheim, og eg tenkte at eg kunne jo få ein stille kveld i heimen(kjøpe det potetgullet eg likar best, ikkje dele med nokon, sjå det eg ville på tv etc). Men så viser det seg at junior#1 ikkje hadde planer om å gå på konsert, han hadde derimot eigne planer(note to self: guten er snart 18 år, det er normalt å ha eigne planer i helgene, foreldra må berre lære) Då hadde vi brått ein billett til overs, som eg fekk gleda av!


Og eg er ikkje ukjent med gitar, på det glade åttital lånte eg gitar og "Lillebjørns gitarbok" frå storesøster, og lærte meg "Lille,vakre Anna" heilt sjøl. Eg kan den enno, for eg prøvde stadig lære meir, men kom aldri lenger på grunn av manglande øving, så den er på sett og vis overlært, trur eg! (eg prøvde å lære meg å spele trompet også, men det stoppa heilt opp, før eg hadde lært meg ein einaste sang, eg fekk knapt lyd i den) Og eg deler jo hus med flerie gitaristar(og gitarar), så eg veit at det er mange finesser eg ikkje forstår meg på.

Gitarkoffert i motlys




Det var vel ikkje dagens høgdepunkt for junior#2, som sto saman med kompisen, då eg i køa inn til konsertlokalet spurte kven vi skulle høre…. "Mamma!!!(les med oppgitt stemme) "du burde vite kæm vi ska på konsert med!" Men tålmodig forklarte dei både kva artisten heitte, at han er gitarist, kva gruppa heitte, kvifor han er ei legende etc etc. Så då konserten byrja var eg meir på trygg grunn!

Det var slett ikkje ille, sjølv om eg forsto eg ikkje kunne konkurrere med blodfansen som sto rundt meg på alle kantar. Dei fleste andre kjente jo igjen stykka som vart spela, og jubla ekstra når det eg etterkvart tolka som høgdepunkt kom. Eg kjente kun igjen det stykket som mannen har spela på gitar, og eg vil nok seie at legenda var hakket betre, men han hadde jo eit band å støtte seg på, mannen har berre meg som støttande publikum.


Når eg er på slike konsertar, der eg ikkje kjenner artisten, eller musikken eller historiene, syns eg av og til det blir litt kjedeleg. Det hender jazzkonsertar blir litt vel frie, utan melodi eller gjenkjenning, og eg blir litt uroleg, byrjar lure på om eg skal gå og kjøpe litt drikke eller gå på do. Men dette var ein bra konsert på den måten, det var sitteplassar og eg likte musikken(ikkje var den så høg heller, for det likar ikkje damer med nedsett hørsel) Men det er fasinerande å lese anmelding i avisa dagen etter, for det journalisten meiner noko om, er ofte på ein annan planet enn meg! Javel, var starten litt trå? Eller ukonsentrert bassist? Journalistane stiller nok meir førebudd enn meg!





(Og sånn apropos at mor er pinleg; då eg vandra rundt i huset på jakt etter gitarar å ta bilete av, var eg innom junior#1 og prata i veg, før eg oppdaga at han var på skype med ein kompis… Like greit å fordele flauheita jamnt over avkommet!)

2 kommentarer:

  1. Du fortjener virkelig den posen med chips i fred, altså!

    Ønsker deg en fin søttende mai.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Den posen må jeg ta en anna daf! Alle gode ønsker for 17.mai!

      Slett