mandag 11. mars 2013

Vekestart veke 11

No er det snart vår!
I helga har det vore -12 om morgonen, idag snør det og dagane blir lengre og lysare. Eg trur på våren! Eg må tru på våren...



No ein av dagane er det 15 år sidan minstemann vart fødd. Eg huskar medan eg gjekk og venta, med stor mage og liten storebror, det var glatt ute, alle som ringte sa: "Å, er du heime ENNO?" Ja, det var eg, mange dagar, men så kom prinsen, ein viljesterk kjekk kar frå første stund!
Vekas ord er eit dikt av Inger Hagerup:

Mauren 
  Liten?
  Jeg?
  Langtifra.
  Jeg er akkurat stor nok.
  Fyller meg selv helt
  på langs og på tvers
  fra øverst til nederst.
  Er du større enn deg selv kanskje?
  


På laurdag laga junior elg-bacon-burger.


Eg følgjer med i debatten som går no, om permisjon, om deling av permisjon mellom mor og far, arbeidgivarar som gir far bonus for ikkje å ta permisjon. Om ulønna permisjon, forlenga permisjon, om barnehagar utan tilsyn og elendige forhold.... Og sukkar veldig stille og letta inni meg om at dette er eg ferdig med, tenåringsmor som eg har vorte, eg treng ikkje meine noko, eg treng ikkje bestemme meg foe kva eg skal velge!

For eg veit ikkje korleis vi ville valgt i dag, det er mange viss og dersom og kanskje, noko har ein lært i livet og noko er endra i livssituasjonnen, men eg trur vi hadde skrudd ned tempoet på ein eller annan måte. Eg jobba fullt etter andre permisjon, tok ein stjernesmell, jobba meg tilbake, og har jobba redusert i periodar. Eg huskar lite frå den travaste perioden, og er det verdt det? Det er så kort tid, dei blir så fort store, kanskje er ved verdt å skru ned tempoet ein periode?! Det viser seg dessutan at det er fullt mogeleg å kome tilbake på jobb og få interessante oppgåver etter å ha vore borte. Skulle berre mangle forresten, så mykje snakk som det er om inkluderande arbeidsliv og tilrettelagte oppgåver.

"Savne du barnehagen?" spurte han som straks er 15 meg om idag, då debatten på radioen gjekk om kritikkverdige forhald. Tja, sa eg. Eg saknar ikkje å dra ut to små karar i all slags vær, alle trøytte, med tidspress frå alle kantar. Eg saknar ikkje å jobbe mot klokka og hentetida, og vite at no MÅ eg komme meg avgarde. Det eg kan sakne er roa som var i barnehagen når eg kom dit og skulle hente, når dei små satt i ring og høyrte Karin fortelje eventyret om "Dei tre bukkane Bruse", då skulle eg gjerne gått i barenhagen sjølv. Enno har vi kontakt med andre frå barnehagetida. Vi kjente oss heldige som fekk barnehageplass, det var ikkje sjølvsagt då, makspris var det heller ikkje, forresten.

Men ei tid var, og ei tid er! No er det val av videregåande og lekser og køyretimar som gjeld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar