søndag 3. mars 2013

Vekestart veke 10

Søndag kveld og snart ny veke!

Huhei kor det går!!! Det er flyttekaos på jobb, med kontoret i to esker og ein del på nært fjernlager og full drift sjølv i flyttesjauen. Det blir nok veldig bra når det er ferdig, og på fredag sjekka eg utsikta frå det nye kontoret, og det spørs om eg får gjort noko fornuftig dei første dagane, for utsikta over Fosenalpene(ikkje noko mot Romsdalsfjell, men lell) var super!!!
Igår var det vinterens verste værdag i Trøndelag! Eg var ute på vift i sentrum, først då eg kom heim fekk eg med meg beskjeden frå politiet om at folk som ikkje MÅTTE ut, burde halde seg inne. OK, no er vel mammutjakt(også kjent som boksalg) ein god grunn til å måtte-ut?!


Samtidig kjem våren snikande, det er jo lyst til klokka seks på ettermiddagen!! Ein kan få arbeidslyst av mindre:) Idag har vi omsider fått laga invitasjon til konfirmasjon, gjestane kjem vel ikkje utan å bli bedt?! Og det blir ikkje fest utan gjester!? Og fest il vi ha når vi skal feire minstemann(høgare enn både mor og far ;) )

Eg skriv og skriv på eit innlegg eg ikkje veit om eg skal poste. Kor mykje skal ein dele? Kor mykje treng de vite om meg? Og kven er de alle saman? Det handlar om meg og livet mitt, eg veit korleis det er, men kanskje kan det bety noko for nokon å vite meir eller forklare meir kven eg er? Eg får skrive vidare så får vi sjå kvar det ender ;)



Eg såg Bokprogrammet på NRK2 ein kveld, det var intervju med Jon Fosse. Ein mann som mange meiner noko om, og særleg om det han skriv. Det vart lese flerie av dei  nye dikta hans, og eg fall for dette:

Ingenting

ei stor og kvit stille
teier og teier
og så seier ho
nettopp det som skal seiast
i denne kvelden
på denne staden
der eg sit og ser
og ingenting ser
der eg sit og høyrer
og ingenting høyrer

Jon Fosse

Ha ei strålande veke i vårdagane!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar