Eg har ein dagdaraum, om å vere mørk, mystisk og intellektuell (Her passar det nesten med ein dårleg vits: Jag är intelektuell, sa den ein svensken. Inte jag heller, svara den andre) Mørk har eg aldri vore, og no er det kommunebrune håret fullt av sølvtrådar... Mystisk kan eg nok framstå, særleg for dei som ikkje er tankelesarar og som ventar på eit svar(stakkars mannen min) Men intelektuell verken er eg eller har vore, der er eg skikkeleg wannabe!
Eg likar lese, som tidlegare nemnt på bloggen, eg sluker bøker, eg har stablar rundt om i huset, nattbordet knekkjer snart saman, bokhyllene har fleire rader og loftet er fullt av bokkasser som ventar på nye hyller på stova. Eg hamstrar til dårlege tider... Eg les ikkje mykje kiosklitteratur, men heller ikkje tunge bøker av store tenkjarar. Eg har lenge hatt ei leseplan som går ut på å lese Nobelprisvinnarar, eg har funne og skrive ut ei liste, men har kome sørgeleg kort! Sigrid Undset er kryssa av, eg har lese forskjelleg av Bjørnson og eg har lukta på Hamsun. Eg har lese litt av ein sørafrikansk vinnar som eg ikkje huskar namnet på. Eg har besøkt huset til Hemmingway på Key West og "Klokkene ringer for deg" ligg på det før omtala nattbordet. Eg har vener som anbefaler bøker fulle av kloke tankar, djupe meiningar og vise råd, eg startar lese med nytt mot kvar gong, men litt ut i andre kapitteel dett eg av lasset... Men eg vil så gjerne!
Men eg har meir og meir oppdaga dikt. Korte dikt, med fortetta innhald, som seier så mykje på få linjer.
Idag fekk eg "Strek"(Du finn meir om magasinet Strek her) i posten, eit magasin som kallar seg sjølv sentralstimulerende! Det utfordrar tanken min, krever av meg når eg les, men eg likar det! Og dessutan er det lekkert å sjå på og det er ikkje noko minus.
I dette nummeret presenterar dei den indiske diktaren Rabindranath Tagore. Ikkje høyrt om han du heller?! Men for meg var dette to fluer i ein smekk: han skriv dikt og er Nobelprisvinnar i litteratur, frå 1913! Strek presenterer nokre av dikta hans, og eit av dei fekk eg lyst å gje til deg:
Det er ikke til å forstå, men sånn er det. Heldigvis. (Sikter selvfølgelig til diktet)
SvarSlettMorsomt å lese om din interesse for bøker. Et snev av gjenkjennelse der, kan du si.....hehe. Det er en grunn til at jeg i "all hemmelighet" ønsker meg et stort hus med bibliotek. :) Kos deg med lesingen.
Takk for hyggelig kommentar!
SlettVi har bygd på huset, men fikk ikke bibliotek lell, kanskje kjelleren kan fylles med bøker på sikt ;)