fredag 22. mars 2013

Mammutjakt

Eg snublar gjennom dagane, litt etter meg sjølv, men godt før min eigen skugge! Dagane går fort, oppgåvene er mange, lysta til å rekke ALT er der, men ikkje evnen!
I går var det årsmøte i NITO, med middag etterpå. Triveleg tiltak, vi var flerie kollegaer som gjekk dit saman. Det har vore musikkskulekonsert og lange dagar på jobb. Huset går for lut og akldt vatn, og eg har byrja skrive lister for å huske alt til konfirmasjonen i mai.
Sånn prinsipielt starta påskeferien idag, bortsett frå at eg skal jobbe litt både i morgon og søndag, samt at mannen skal jobbe måndag og tirsdag. "Eg trur de har fått ein ferie som ikkje virkar", sa mamma då eg snakka med henne idag.

Idag låg denne "premien" i postkassa, snakk om timing med påskekrim!

Bøkene Brekke skriv har ofte handling frå Trondheim, og er fulle av grøss og sitrande spenning, så eg må lese fort for å kome vidare og få løysinga!!!




Heimen har idet siste og i det stille fått endå fleire bøker, eg skuldar litt på mammutsalget, ingen kjem frå det utan tom lommebok og tunge posar, iallfall ikkje eg. I tillegg fins det jo så mykje anna å lese!!!
Eg har lese den siste boka om Barbarotti, svensk krim på sitt beste om ein solid politimann som diskuterar og filosoferar med Gud i kvardagen, samtidig som han skal vere far og politi.
Eg har lese Jan Mehlum, ein stor krimfavoritt, om ein litt sliten advokat. Eg les "Verdensmestrene" av Henrik Langeland på senga, det tek si tid sidan eg sovnar frå boka kvar kveld. Ikkej fordi det er kjedeleg, men fordi eg er så trøytt! Den handlar om Oslo og fire ungdommar/barn i 1982, då eg og var midt mellom barn og ungdom. Eg har store ambisjonar om å lese biografien om Bjørnstjerne Bjørnson og har kjøpt bøkene til Edvard Hoem. Eg har kjøpt barnebøker som eg skal gi til tantebarn, og bøker eg har lånt før og difor gjerne vil ha i bokhylla no.

Men noko må gjerast, det er stablar med bøker overalt....

Sidan det er fredag og så godt som påskeferie, vart det pizza i kveld,
eg treng ikkje meir mat på ei stund no!


Og til sist eit bilete for å illustrere mammuten!! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar