tirsdag 13. januar 2015

Tirsdag

Når dagen ikkje er som vanleg, kan eg:
Sove lenger enn vanleg.
Ete frukost og lese avis og ha radioen på i bakgrunn(den som kjenner meg, veit at det er det eg kallar kvalitetstid!)
Greie å komme seg opp av sofaen og gå tur. Med piggsko, som må ha vore det beste kjøpet i 2014(ikkje spesielt spennande, men akk så praktisk) Men kvifor er det så tungt å kome seg ut, når eg veit og kjenner at kroppen får det betre med ein gong eg kjem meg ut… Men viljen strittar mot: "Nei, sofa er fint, det er sikkert kaldt og glatt, sutreputre" Eg kom meg ut, med varm jakke, piggsko og lue! Det var ikkje kaldt, nesten for varmt når eg hadde gått litt.
Få behandling, trening, gode råd og omsorg hos fysioterapeuten. Er så glad eg har funne ein fysioterapeut som både gir omsorg og eit spark bak!
Hente bil på verksted, få hjelp av junior(med lappen) slik at eg slapp å ta bussen. Og han var veldig fornøgd med å få kjøre bil heim!
Unne seg ein tur på kafe, med stor tekopp, lesestoff og lunsj. Kjenne sjukmeldingsdagen senke skuldrene. Planlegge middag, prøve å halde på kvilepulsen. I morgon er ein vanleg dag. Fint det og!

Ein stille krok.


søndag 11. januar 2015

Vekestart veke 3

Ute er det snø og is, og mildvær enkelte dagar innimellom før det blir kaldt igjen. Det er holke på vegar og stiar, så piggsko var det einaste rette på tur i skogen idag. Eg turde ikkje prøve ski, sidan det ante meg at det var hardt i løypa. Eg hadde rett! Tanken på å dette i ein nedoverbakke var ikkje fristande for min allereie stive rygg.
Tømmeholtdammen, islagt

Inne fyrar vi med ved, dagen lang. Det er så godt å kvile augene på flammane inne i omnen, det er så god ein varme å stille seg inntil. Og vedbua er full av ved enno! Vi har kjøpeved og ved frå eigen hage og bjørkeved frå svigers. Vi er rike!

Dagens dikt er av Helge Torvund, og heiter

Skal me leggja ein vedstabel

Skal me leggja ein vedstabel
Då må me ta til frå grunnen av
Leggja litt kraftige vedskier
på marka for å få det tørt
Byggja opp nokre støtter i eine enden
Så kan me ta til
Leggja luft av ved oppå lukt av ved
Grundig og luftig på same tid
Ta på tre Bork og hud
Treet sin kjærleik til lyset må vere stor
Min kjærleik er stor
Eg veit med alt eg har mellom hår og jord
at treet skjøner lyset betre enn meg
Skal me leggja ein vedstabel saman
slik at treet sin kjærleik til lyset
kan brenna gjennom vinteren

Helge Torvund

Å gjere noko saman, bygge noko som varer, krever samhandling og å forstå kvarandre. Ein kan nesten trekkje trådar til ting som skjer ute i den store verda akkurat no…

No er jula ute av stova, det er tulipaner på spisebordet og eg nyt ha ei romslegare stove. På same måte som eg kosar meg med å lage til jul. Det er ei tid for alt!

Junior går litt sakte etter full innsats på volleyballbanen på fredag. Det er heldigvis "berre" forslått og forstrekt, og han har kledeleg blå og hoven ankel. Denne gongen kom han på at vi kanskje ville vite at noko hadde skjedd, så han sendte ei tekstmelding til faren om at han nok måtte på legevakta. Den kom omtrent samtidig med at han hinka opp trappa… Men han har lært, etter den gongen han hadde falt på isen og slått hol på begge knea og buksa var stiv av blod frå knea og ned. Då eg kom heim, 5 timar etterpå ropte han "går det an å vaske bort blod?" Gjett antal bilder som gjekk gjennom hovudet mitt før eg viste kva som hadde skjedd. Eller den gongen han lurte på korleis ein rensa små skrubbsår, då fekk eg vite om eit sykkelvelt etter endt skuledag… Eit lite skrubbsår sa han, nåja…lite og lite, seier mor! Skal ikkje klage no altså! Lagt på ispose hadde dei allereie gjort, og vi fekk ein kjapp og heldigvis kort tur på legevakt og røntgen! Men litt måtte han lide, for han fekk ikkje låne bil og reise til kompisar rett frå legevakta! 




onsdag 7. januar 2015

Det er jo ikkje flaut?!


Det er ikkje flaut å høyre dårleg, men det er tungvint!
Eg testar ut "Benforankret Høreapparat" (BAHA) akkurat no. Det står i informasjonen at det krev motivasjon å teste og bli vant til å bruke dette. Det kan eg skrive under på! I testperioden er høreapparatet festa på ei bøyle. For å få testeffekt, må den sitte tett inntil hovudet. Det betyr at det er stramt! Stramt kan vere ubehageleg.
Då eg fekk det utlevert tenkte eg at eg dette skulle gå greit, men det er litt meir slitsomt enn eg forventa… Og ting som er slitsomt, har eg lett for å finne ein grunn for å utsette. "I morgon, i morgon, men ikkje i dag…"
Fram til no har eg prøvd det mest heime. Men mykje av dagen er eg på jobb, og eg prøvar vere aktiv i prøvinga der no. Litt forfengeleg er eg jo også, så det er godt eg har spegl på kontoret, for det er litt dandering av bøyle, hår, og briller, slik at alt er der det skal og har den funksjonen det skal ha! Det hjelp ikkje å høyre betre, dersom eg ikkje ser, og motsett.
Meir enn 30 min i slengen er slitsomt! Difor blir det blir ein runde på laboratoriet, og ein runde i lunsjpausen kvar dag. Og no må eg finne eit møte, og sjå om fok kan snakke litt i munnen på kvarandre, så får eg testa der også.

Den er ikkje lett å sjå om du ikkje veit om den

Ikkje så lett å sjå, kanskje?!



Men tilbake til flaut. Eg syns bøylen tek all fokus, men så viser det seg at ingen andre ser den før eg snakkar om den…det er visst mest flaut for meg. Reknar med fleire enn eg har opplevd det, at det ein syns er flaut, er det nesten ingen som tenkjer på…
For å gjere det klart at bøyla er der, har eg vurdert å feste på "værhår" av piperensarar! Tenk så stilig i jula feks med hjerter? Eller med stjerner eller små figurar i toppen?











Kva er det med hørsel forresten? Når eg fortel at eg høyrer dårleg, ok, nesten ikkje på eine øyret, kjem det stadig fram at det gjeld mange! Men mange syns det er så tungvint å bruke hørepparat, så det blir ikkje. Eg trur det er lurt prøve litt til, kanskje be om å få prøve anna utstyr, for det er massevis å velge i.

Eg syns det er kjedeleg å høyre dårleg, og eg opplever stadig her heime (dei eg lever med er ikkje redde for å fortelje meg at det vart feil) at eg misforstår eller høyrer noko anna enn den som snakka til meg sa. Når eg oppdagar det, er det meir flaut enn å tilstå at eg høyrer dårleg… Sur og litt lei meg blir eg også. Eg reknar med at det stadig skjer utanfor heimen også, på butikken eller på jobb! Men der blir det ikkje oppdaga eller sagt frå om, fordi situasjonen fort går vidare. Ikkje orkar eg spørje om igjen alltid heller, så det finns sikkert ein del butikkansatte som har fått rare svar når eg gjettar på at dei spør om eg skal ha hjelp. Eg vil verkeleg høre betre, og skal fortsette å bruke bøylen så mykje eg klarer dei neste vekene! Og eg skal øve å setninga: "Kva sa du? Eg høyrte ikkje."

Er du nærgåande, derimot...
Om BAHA hjelper? Eg veit ikkje heilt enno, for det er litt nytt. Men når eg først har det på, er eg veldig gira på å kjenne etter. Kanskje det er difor det er litt slitsomt også? Full fokus på hørsel!! Igår syns eg at eg fekk med meg meir av samtalen i lunsjen, idag er eg litt usikker. Det er berre å teste vidare, altså.

tirsdag 6. januar 2015

Vekestart veke 2

I kveld skulle eg skrive eit bevinga innlegg om eit eller anna, med djupe tankar og kloke ord.
Hm, det blir visst ikkje slik… Eg har skifta på sengene, laga middag, kjørt ein junior, handla litt mat.  Sett på "Mannen som oppdaget Norge", om Oddgeir Bruaset, som er frå same bygd som mannen min. Ete kveldsmat, drukke te, snakka litt med tenåringane. Lese meir i "Svøm med den som drukner". Ein vanleg tirsdag, med litt av alt. Men ikkje mange tankar og funderingar over livet.

Ute er det iferd med å bli mildvær igjen, snøen blir blaut, det er spådd regn og det blir glattis…

Eg har vakse opp med ein far som kjørte brøytebil. Eg huskar ein julaften der det snødde i timevis, det bles ute og strømmen gjekk. Pappa var så vidt heimom(det eg huskar best, er vel at eg fekk lommelykt den jula, og det var supert at straumen gjekk) Pappa har fødselsdag i januar, det var ikkje alltid så enkelt å planlegge feiring, det kom an på været om jubilanten kunne vere heime. Eg huskar mamma som smurte store matpakker, med eit knekkebrød med brunost på toppen i matboksen av grått metall. Termosen vart fyllt med kaffe, slik at han skulle ha mat og drikke i brøytebilen. Han var innom og sov, gjerne rett på golvet framfor omnen. Vegane måtte haldast opne, om det snødde eller blåste(eller verst begge deler) og det måtte strøast når det var glatt. Det kunne umogeleg vere eit sunnt liv å vere brøytebilsjåfør.
Eg huskar kjensla av å stå bak gardina i stove og sjå innover vegen langs fjorden og sjå om eg såg blinklysa frå brøytebilen. Vente på at pappa kom heim og kanskje åt middag saman med oss. Det var stas å få vere med ein tur, men eg vart fort lei… Det er begrensa underhaldning i å sjå snø som blir kasta til sides! Eg var med den dagen det vart unntakstilstand i Polen i 1981, vi høyrte radio og eg veit akkurat kvar vi kjørte då dei fortalte det på radioen.

Eg er ikkje den første som klagar når det er dårleg brøyta, for eg veit at alle vegar ikkje kan brøytast samtidig. Eg tenkjer at det er nokon som ventar heime når eg høyrer plogen(det er ikkje plog lenger, men skjære)midt på natta. Men eg likar best vegar som er brøyta, som er lette å kjøre…


Og på ein slik dag, må det bli eit snøplogdikt!

SNØPLOGEN
Snøplogen er køyrt til sides, han står på meiane
og kviler ved vegen som er blitt bar.
Nokre barn leikar her, dei kliv opp og ned på
plogvengene.
Så byrjar det brått å snø voldsomt. No vert barna
ståande og sjå på snøplogen, og tek til å le, slår
hendene mot knea og ler av full hals.

Arvid Torgeir Lie

Her, i skiløypa, skal det ikkje vere brøyteplogar!
Men eg hadde ikkje bilde av ein plog...
(Men sjå der, det vart eit lite tilbakeblikk, mimring og barndomsminner, om ikkje djupe tankar)

mandag 5. januar 2015

Leselogg, haust/vinter 2014

Eg les heile tida eit eller anna, og sjølv om eg har ambisjonar om å blogge om bøker regelmessig, gløymer eg meg. Men her kjem nokre bøker frå hausten:

Ikke ville se, Jan Guillou
Fjerde boka om dei tre brørne frå utanfor Bergen. Vi er komne mot 2.verdskrig. Det er familieliv, storpolitikk, fattigdom, tradisjonar... Eg likar så godt måten Guillon skriv på, det har eg gjort sidan Hamilton-bøkene, og her er det historie fra ei kjent, men fjern tid. Slukte boka i romjula, men tenkjer eg må lese den på nytt. Og har du ikkje lese nokon av desse bøkene har du mykje å gle deg til, start med "Brobyggerne".

Ingen er så trygg i fare, Gunnar Staalesen
Varg Veum er ein kjent og god krimfavoritt. Her er Varg Veum i fare. Utnytting av barn, ting ein har mest lyst å lukke augene for. 

Edge of Eternity(The Century Triology) Ken Follett (Norsk "På grensen til evigheten")
Siste (?) boka om århundret av Ken Follet. Eg har slukt desse bøkene! Mykje historie om vårt århundre. Det er godt skrive, og eg får lyst å hjelpe til, når eg ser at historia kunne vore annsleis. Likar du historiske romanar er dette ein serie for deg. Start med "Kjempenens fall"

Sudden death, Anne Holt og Even Holt
Eg saknar Hanne Wilhelmsen, men legen Sara Zuckerman er ei god erstatning! Eg syns løsninga i boka kom litt itt kjapp brått, men det er ei bok det er vanskeleg å legge frå seg.

Thin Air, Ann Cleeves
Endå meir krim, denne er frå Shetland. Bok 6 i serien om ein politimann, privatlivet og jobben. Denne gongen er det bryllupsfest, men ein av gjestane blir borte...

Innsirkling 3, Carl Frode Tiller

Endeleg siste bok om Daniel. Trådane samlar seg, og vi får sanninga. Eller gjer vi det? Tiller skriv godt, eg likte språket godt og historiene. Sjølv om eg innimellom blir litt oppgitt over personane!  

Den lille kafeen i Kabul, Deborah Riodrigues
Lettlest, men med alvorleg undertone om å vere kvinne i Afghanistan. Eg var provosert, rørt og engasjert av det eg las, og tenkjer eg kanskje har lært litt.

No er eg igang med Svøm med dem som drukner av Lars Mytting. Mannen min las den i haust, og var knapt til å få kontakt med før han var ferdig med siste side. Alt tyder på at eg vil ha det på same måte!




Og ingen ting er betre enn ei god bok når ryggen kranglar og sett begrensningar på kva eg får til å gjere. Eg har ein slags fri idag, men får ikkje gjort det eg hadde tenkt… Då er bøker og internett fine saker:) Eg har hatt mykje vondt i ryggen før, men er "ute av trening"(heldigvis) og tålmodet er deretter!

lørdag 3. januar 2015

Nyttårsforsett

Det er sesong for nyttårsforsett, ser eg. Eg brukar ikkje ha så mange forsett, heller ikkje i år. Men nokre planer om kva eg skal bruke året til, det har eg!

Idag har eg vore på ski, det gjeld vel berre så vidt når eg ikkje har bilete av det?! Men eg fekk meg ein fin tur, i tett snøvær, nesten utan løype og nedsnødd skog. Eg har allereie gått uendeleg mange fleire turar enn forrige vinter, og vil gjerne fortsette å gå på ski resten av vinteren. Og eg har lyst å klare anbefalinga om å vere aktiv 30 minutt kvar dag. Kanskje klarer eg det ikkje kvar dag, men i snitt? Eg greidde jo minst ein halvtime for dag i jula, så det burde gå resten av året også?

Kvit azalea får vere ei slags erstatning for kvit snø.
Det kan forresten vere eit forsett, å gå tur utan å ta bilder! Rett og
slett vere tilstades på turen! 

Eg har bakt brød idag, hadde suksess med det i jula, og det er jo veldig godt med heimebakt brød. Men eg har ingen ambisjonar om å bake alle brød vi treng, det krever si kvinne å rekke å kjøpe nok brød til to svoltne tenåringssoner… Men kanskje eg skal satse på å bake ein gong i månaden som ein start?!

Nybakte brød, klare for matpakker, frukostar og travle dagar
Eg skal blogge meir om bøker! Det er ein ambisjon og ei plan, som eg har hatt før… Eg har lese fleire gode bøker i jula, som eg skal tipse deg om! Og eg har lese bøker som er meir avslapping enn noko anna, dei kan eg og tipse om!

Elles er det jul i heimen enno, og det skal det få vere nokre dagar til. Juletreet drikk mykje vatn kvar dag, og mister få nåler, så iallfall til 13.dag jul, kanskje lenger. Det er koseleg med lysa på treet, stjerne i vinduet og litt englar her og der. Litt spesiell juletrepynt skal eg vise her. I år overraska ungane med å finne fram den mest spesielle pynten først, og sendte den rett ut på snapchat, så vi har faktisk hatt besøk som har kome for å sjå på treet vårt!
Alligator, kjøpt på Key West. Ingenting skaper julestemning som ein
alligator med hawaiiskjorte og ukulele!

Pingvin som har henta juletre. Søtare blir det ikkje!
Lenka med kuler i bakgrunnen har eg arva, det blir ikkje jul utan!

Heimesydd bestemorengel med håret i knute og
raude kinn

Ikkje så spesiell, kanskje. Men fin engel kjøpt på
jentetur i Østersund. 
Ein slags designenglar.
Nye av året, kjøpt på salg. 
No skal eg tenkje ut fleire gode forsett for det nye året, som skal vere lette å halde, og gje meg ei kjensle av å mestre livet!

torsdag 1. januar 2015

Godt nytt år!

Kva ligg frammom oss i 2015?
Ein heilt vanleg torsdag, eigentleg. Men samtidig noko heilt nytt, eit nytt år, med mange vanlege dagar. Litt skummelt, syns eg, kva skal eg fylle dei med?
Det er nye sjanser også, det er mogeleg å endre, starte på nytt… Eg har lyst å gje deg eit dikt i nyttårsgåve:

NYTTÅR
Eit nytt år
la seg over det gamle
eit lett lag av nysnø
ein duk av ljos

over berrfrost og skare

over alt livs

sprukne hud

det dreiv forbi

i ein augneblink av sanning

det berre kviskra over markene

sveva gjennom skogholta

la seg til ro

som ei uventa von

som ung nåde

over ei gamal jord

Arnfinn Haram

Nysnøen frå juledagane har regna vekk, det er grått ute. Men kanskje kjem det eit "lett lag av nysnø, ein duk av ljos"?

Godt nytt år til deg, enten vi treffes av og til, eller berre møtes her på nettet!