mandag 12. mars 2018

Måndag

Idag kjente eg brått på ein voldsom lengsel etter sol, varme, å kunne gå i småsko og utan ull. Det ser ikkje ut til å bli med det første. Eg fyrar opp i omnen med ein gong eg står opp. Det er på med vintersko og vinterjakke og ullskjerf før eg skal ut om morgonen.
Til helga kjøpte eg meg påskete og påskeliljer i krukke. Det er snart påske? Igår hadde vi rast i ei solside då vi var på skitur, det er varme i sola! Det går den rette vegen!


 Søndagsfrukost. Med påskeliljer og te.



På veg heim frå jobb idag kjøpte eg ein liten bukett tulipaner. Eg trøystar meg med blomster, og at været iallfall er stabilt, det er ikkje regn og glattis. Det er lenge lyst, sjølv om det snør. Idag igjen.


Og eg trur at når våren først kjem, kjem den brått! Men det er vel lov å drømme om varme, sjøl om ein likar ein stabil vinter!?
Kanskje eg skal finne fram påskedukane mine allereie?

2 kommentarer:

  1. Påskete hørtes spennende ut! Det har jeg aldri sett... tror jeg.

    Det er helt klart lov å lengte etter varme selv om man er glad i vinter. Jeg er hakket mer glad i kulde enn varme, så jeg nyter og nyter! Og som du skjønner, så er vi en hel familie av gærninger ;-) Men du verden så deilig det blir med vår og snøsmelt etter en sånn fantastisk vinter! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Deler ikkje heilt entusiasmen over kulden, men ja takk til stabil vinter og skiføre. Og snart blir det påskete i solveggen, med ull og skinnbelte og lue og votter,

      Slett