onsdag 14. juni 2017

Allereie no?!

Idag har minstemann (noko meir enn 1.92 høg) hatt siste eksamen på videregåande. Han har rett og slett gjort unna grunnskulen og videregåande, og mor står som eit spørsmålsteikn igjen.

Var ikkje dette no nettopp?
Her er det rett før han skal starte i barnehagen.
Ok, så var det i 1999...
Alla dessa dagar som kom och gick,
inte visste jag att det var livet.
Stig Johansson

Eg kjenner det litt slik .....
Klisje, eg veit det, men 5 år i barnehage og 13 år på skule, i ettertid så har det gått ganske fort.

Eg har forsåvidt registrert at han har gått på skule, for det har vore ein del diskusjonar rundt det viktige med å gjere lekser og slikt, eller det var vel mest dei første åra. Han syntest ikkje han lærte noko, så kvifor jobbe? Noko må han ha fått med seg likevel! (Eg mistenkjer at dei må ha lurt inn ein del kunnskap på skulen, som junior trudde han hadde plukka opp sjølv)

Det har vore dagar og år med lekser, gløymte gymklær(både før gymtimen, og i sekken etterpå), overraskande prøver, lange dagar, skogtur i regn. Det har vore skulekjøkken og pannekakefrukost, forvirrande framandspråk, ekskursjon for å sjå på kryp i fjøra, vanlege skuledagar med niste og matematikk. Det har vore lærarar som har sett gull, og oppmuntra til vidare arbeid. Det har takk og pris vore musikktimar som lyspunkt!
Det var trening, det har vore sykkel, det har vore celloøving med både glede og motgang for far og son. Det var elbass og bandøving i stova vår, til varierande entusiasme frå mor. Det vart kontrabass og øvingsrom i kjellaren. Det har vore masse musikk i heimen, og masse fine folk innom.
Smått om senn kunne eg sleppe taket, for han tok ansvaret sjølv for både lekser og øving og nistesmøring.

Og dei tre siste åra har det vore masse musikk! Gleda var stor over å kome inn på musikklinja for tre år sidan. Det har vore knallhard prioritering av tid og søvn, og det viktige(les musikkfag) har fått fokus. Det andre har vorte gjennomført, av og til til mors lette frustrasjon over tidsbruken. Det har vore seine kveldar med siste innspurt, kven har ikkje vore der? Det har vore litervis med kaffe(det har han ikkje frå meg), diskusjonar rundt kjøkkenbordet med medelevar, kollekvier med taco og kveldar med Risk.

Forrige veke satt eg svett, nervøs og kjempestolt på eksamaneskonsert, utan å kunne gjere noko mer enn å vere der. Det gjekk bra med både mor og son! Og idag altså siste munnlege eksamen, gjennomført med stil (eg måtte vente veldig lenge på oppdatering, han skulle jo ha lydprøve til avslutningsfesten i morgon, må vite. Då må mødre finne seg i å vente, viser det seg).

Gratulerer! 

Og vi er over i ein ny epoke, som eg veit lite om. Storebror har gått opp stien for første året med folkehøgskule, men så? Mor finn stadig noko nytt å lure på...men det er visst ikkje mitt problem lenger? (Særleg! Eg hevdar min rett til å spørre og mase og blande meg inn lenge enno! Eg øver meg på å godta at eg ikkje blir høyrt så mykje lenger. Øver. Eg er litt førebudd alså, eg har lært mykje sidan eg skreiv dette)

Stor og liten bror. I sola med is. Med ullklær.
Satsar på at dei har fått med seg litt i oppveksten, om
klær og kosthald.

8 kommentarer:

  1. Tror vi snart er der vi også.. den tiden altså...

    SvarSlett
  2. Om tre år har jeg hatt alle mine tre gjennom 13 års skolegang. Jeg sitter her og rister litt på hodet over både unnagjort bachelor og at sistemann er ferdig med grunnskolen. Og det mest fantastiske av alt er jo at jeg ikke har forandra meg det spor!

    SvarSlett
  3. Jeg leser med ståpels, man kan virkelig være stolt av andres barn. For en flott sønn!

    SvarSlett